Line Henriette Holten Hjemdal () er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Ho var stortingsrepresentant for Østfold fylke frå 2005 til 2017.

Hjemdal er fødd i Sarpsborg som dotter av tidlegare stortingsrepresentant Odd Holten. Ho voks opp og i Fredrikstad. Ho har budd i Askim og Fredrikstad i vaksen alder. Hjemdal er gift og har to døtrer.

Ho er utdanna teolog (Menighetsfakultetet 1996), og har arbeidd som generalsekretær i Kristeleg Folkepartis Ungdom, som informasjonsrådgivar for KrF på Stortinget og som politisk rådgivar hos Dagfinn Høybråten, først i Sosial- og helsedepartementet (2001–04), deretter i Arbeids- og sosialdepartementet (2004–05).

I 2003 vart ho vald i Askim bystyre.

Hjemdal vart vald inn på Stortinget frå Østfold fylke i 2005, 2009 og 2013.

8. oktober 2009 vart Hjemdal vald til 5. visepresident i Stortinget.

Regjering 23. oktober 2001–31. desember 2001: Politisk rådgivar Sosial- og helsedepartementet 1. januar 2002–1. oktober 2004: Politisk rådgivar Helsedepartementet 1. oktober 2004–28. februar 2005: Politisk rådgivar Arbeids- og sosialdepartementet

Stortingskomitear

2005–2012: Medlem i Energi- og miljøkomiteen 2012–2013: Medlem i Helse- og omsorgskomiteen 2013–2017: Medlem i Næringskomiteen

Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi

Kategori:Folk frå Askim Kategori:Folk frå Fredrikstad Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017