Behrang Safari () er ein iransk-svensk fotballspelar som har spela for Basel i den sveitsiske fotballigaen, og for det svenske landslaget. Han kom til Sverige som flyktning som toåring, saman med foreldra sine, og voks opp i Lund i Skåne.
Safari spelte dei tre første seriekampane sine for Malmö i 2004, då Malmö vart seriemeister. I juni 2008 drog han til Sveits og FC Basel. Safari debuterte for Sverige sitt A-landslag i januar 2008, i ein privatlandskamp mot Costa Rica.
Kategori:Svenske fotballspelarar Kategori:Iranske fotballspelarar Kategori:Malmö-spelarar Kategori:Basel-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012