Sokrátis Papastathópoulos () er ein gresk fotballspelar som spelar på Arsenal FC i Premier League (2020).
Hausten 2011 spela han for Werder Bremen i tysk Bundesliga på lån frå Genoa i italiensk Serie A, og for Hellas sitt landslag.
Papastathópoulos vart kåra til årets unge greske spelar i 2008. 14. mai same året vart han den yngste spelaren som nokon gong har vore kaptein for AEK i den greske ligaen, 19 år gammal. Han var med på å ta sølv i U19-EM med Hellas i 2007. 5. februar 2008 debuterte han for A-landslaget i ein privatlandskamp mot Tsjekkia. Han var med i Hellas sin tropp til fotball-VM i 2010, der han spelte frå start i to av kampane.
Kategori:Greske fotballspelarar Kategori:AEK-spelarar Kategori:Genoa-spelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Werder Bremen-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014