Odd Sverressøn Klingenberg () var ein norsk jurist og Høgre-politikar frå Trondheim. Han var både stortingsmann, statsråd og fylkesmann. Sverre Klingenberg var bror hans.

Klingenberg var son til ein sakførar og han vart sjølv cand. jur. i 1894. Same året slo han seg ned i fødebyen som overrettssakførar, høgsterettsadvokat 1902. Han var i mnage år ein sentral person i næringslivet i Trøndelag, deltok i grunnlegging av og sat i styret for mange bedrifter, mellom dei Thamshavnbanen.

Han var innvald på Stortinget 1906-09 frå Kalvskinnet krins, då han representerte Samlingspartiet, og 1919-24 frå Sør-Trøndelag for Høgre. I den fyrste perioden var han medlem av sosialkomiteen, sekretær i fossefallskomiteen av 1907 og den utvida budsjettkomiteen av 1909. Han var i den mellomste perioden, 1919-21, medlem av justiskomiteen og i den siste, 1922-24, formann i sosialkomiteen, når han ikkje hadde sete i regjeringa. Sekretær i fullmaktskomiteen 1919-20. Frå 1910 var han medlem av den kongeleg kommisjonen om revisjon av matrikkelen.

Klingenberg var statsråd i Sosialdepartementet i både Otto Bahr Halvorsens fyrste regjering 1920-21, Otto Bahr Halvorsens andre regjering og Abraham Berges regjering 1923-24. Klingenberg var tiltala ved Riksretten 1926-27, han vart frifunnen den 25. mars 1927.

Klingenberg var fylkesmann i Sør-Trøndelag frå 1921 til 1940.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske sosialministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Halvorsen I Kategori:Statsrådar i Regjeringa Halvorsen II Kategori:Statsrådar i Regjeringa Berge Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Fylkesmenn i Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Samlingspartiet Kategori:Ordførarar i Trondheim Kategori:Høgreordførarar i Sør-Trøndelag Kategori:Norske advokatar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Folk frå Trondheim