Mjølkeråen er ein matrikkelgard i Åsane bydel i Bergen. Folketalet innanfor den gamle matrikkelgarden var 1844 i 2001. Det tettbygde området vert rekna som del av den samanhengjande tettstaden Bergen. Mjølkeråen ligg nordvest i Åsane, ved Byfjorden.

Frå om lag 1970 vart det bygd store bustadfelt i Mjølkeråen. På garden sin grunn ligg barneskulen Mjølkeråen skole, som opna i 1969, og Marikollen ungdomsskole, som opna i 1980.

Leiglendingane på garden kjøpte bruka sine frå jordeigaren i 1727. Det var då fem bruk på garden. Husdyrhaldet i Mjølkeråen tok slutt i 1990-åra.

Kjelder

Fyllingsnes, Frode. (2007) Åsane - i fortid og nåtid. Bodoni forlag. s. 156-167.

kategori:gardar i Åsane