Bladsongarfamilien, Phylloscopidae, er ein nyleg skildra biologisk familie av små insektetande sporvefuglar tidlegare plassert i songarfamilien, Sylviidae. Medlemmene finst i Eurasia, i Afrika og lappsongar hekkar aust i Alaska. Dei fleste lever i skog og kratt og fangar ofte føda i flukt.
Artane har ofte fjørdrakt som er grønleg over med gult på undersida, eller meir avdempa med grågrøne til gråbrune farger. Fargene varierande lite med årstidene eller ikkje i det heile. Halane er ikkje veldige lange, og inneheld 12 fjører.
Frå 2019 er alle 77 artane i familien plasserte inn i den eine slekta Phylloscopus, etter eBird/Clements Checklist v2019 Før 2019 gjorde 11 artar ut for eit eiget takson på slektsnivå, med namnet Seicercus.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Phylloscopidae» frå , den 16. oktober 2010
Kategori:Sporvefuglar