Kristoffer eller Kristofer er eit mannsnamn nytta mellom anna i Noreg. Namnet er ei form av det greske namnet Khristofóros som tyder «Han som ber Kristus (i hjarta sitt)». På Island var namnet i bruk frå på 1200-talet, medan det i Noreg kom i bruk kring 1500 og var mykje brukt på 1700-talet. Frå 1970-talet tok bruken av namnet seg opp att, då ofte skrive Christoffer eller Christopher. Ein annan variant er Kristopher.
I Noreg har Stoffer vore brukt som kortform av namnet, medan Chris har vore brukt i engelsk. Kvinnenamnet Kristoffa er avleidd av Kristoffer.
Den heilage Kristoforos Den heilage Kristoforos, som skal ha lide martyrdøden i Lykia i Litleasia kring år 250, er i den katolske kyrkja vernehelgen for dei reisande, bilistar, sjåførar, syklistar, pilotar, skipperar, ferjemenn, sjøfolk, fløytarar, pilegrimar, idrettsutøvarar, gruvearbeidarar, tømmermenn, hattemakarar, fargarar, bokbindarar, skattegravarar, frukthandlarar, gartnarar, lækjarar, gravide kvinner og barn; for gater, bruer og festningar; mot vatn, brann, tørke, uvær og pest; mot augesjukdommar, tannverk og sår; mot ein uventa død og for ein god død. Han er ein av dei 14 naudhjelparane.
Namnedagar Norsk namnedag: 18. desember (tidlegare 25. juli). Svensk namnedag: 15. mars. Minnedag i den katolske kyrkja: 25. juli, i Tyskland 24. juli, og i Austkyrkja oftast minna 9. juli
Kjende berarar av namnet Kristoffer av Bayern (1416-1448), nordisk konge Kristoffer Trondsen (1500-1565), norsk adelsmann Kristoffer Olsen Uhlen (1757-1841), norsk stortingsmann Kristoffer Borgersson Hoen (1767-1845), Eidsvollsmann Kristoffer Simonsson Fougner (1795-1869), norsk stortingsmann Kristoffer Nilsen Svartbækken Grindalen (1804-1876), den siste som vart offentleg avretta i fredstid i Noreg (Løten) Kristoffer Svanø (1810-1887), norsk stortingsmann Kristofer Janson (1841-1917), norsk forfattar Kristofer Marius Hægstad (1850-1927), norsk språkforskar Kristofer Kristofersen (1851-1892), norsk forfattar Kristofer Lehmkuhl (1855-1949), norsk statsråd Kristofer Uppdal (1878-1961), norsk forfattar Kristoffer Kruken, norsk namnegranskar Kristopher Schau (f. 1970), norsk rockemusikar og komikar Kristoffer Joner (f. 1972), norsk skodespelar Kristoffer Tømmerbakke (f. 1983), halvparten av duoen Erik og Kriss Kristofer Hæstad (f. 1983), norsk fotballspelar Christoffer Dahl (f. 1984), norsk fotballspeler
Bakgrunnsstoff
Meir om Den heilage Kristoforos hjå katolsk.no
Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av gresk opphav