«Cowgirl in the Sand» er ein song av Neil Young. Han kom ut i 1969 i lag med Crazy Horse på Everybody Knows This Is Nowhere. Songen er ein annan av dei mest kjende til Neil Young òg har stått på repertoaret hans sidan han vart laga. Songen er bygd kring ein enkel moll til dur akkordprogressjon, likande «Down by the River» og er eit flott grunnlag for Young sine langvarige gitarsoloar.Allmusic Tekstmessig omhandlar ei promiskuøs og kanskje uoppnåeleg jente, og kjensla om sakn og lengsel er følbar. Songen vert rekna som ein klassikar..
Medverkande Neil Young - elektrisk gitar, vokal Danny Whitten - elektrisk gitar, korvokal Billy Talbot - bass Ralph Molina - trommer, korvokal
Andre framføringar
Det finst ei 16 minuttar lang konstertutgåve av songen på Live at the Fillmore East med Crazy Horse. Songen finst òg på Decade, Time Fades Away og Greatest Hits. Ei kortare, akustisk utgåve finst på konsertalbumet til Crosby, Stills, Nash & Young, Four Way Street frå 1971 og ei annan konsertutgåve finst på Live at Massey Hall 1971.
The Byrds spelte songen på det siste albumet deira, Byrds i 1973.
Kjelder
Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Songar skrivne av Neil Young Kategori:Neil Young-songar Kategori:Songar produserte av David Briggs Kategori:Songar produserte av Neil Young Kategori:Crazy Horse-songar Kategori:Crosby, Stills, Nash & Young-songar Kategori:The Byrds-songar