Hawaiifinkar, tidlegare draktfuglar, er ei gruppe små sporvefuglar endemiske for Hawaii. Dei fleste autoritetar reknar gruppa som ein underfamilie, Drepanidinae, av Fringillidae, finkefamilien. Andre kategoriserer framleis denne gruppa som ein sjølvstendig familie Drepanididae.Clements, J. 2007. The Clements Checklist of the Birds of the World. 6th ed. ISBN 978-0-7136-8695-1
Skildring Hawaiifinkar er mellom 10 og 20 centimeter lange og har vengespenn på 15 til 30 cm. Nebbet er meir eller mindre bøygd nedover. Artane er vanlegvis delte inn i to grupper: nektaretarar og frøetarar.
Nektaretarar Fjørdrakta av nektaretarar er vanlegvis farga svart og raud, fjører i halen og bakvengen er svarte og resten av fjørdrakta er raud. Nebba er lange og nokre gonger svært sterkt bøygd. Slekta med det lengste nebbet var den no utdøydde Akialoa, der nebba var rundt halve kroppslengda. Tungene hos nektaretarar er røyrforma for å suge nektar frå blomar.
Frøetarar Frøetarar har kortare og mindre bøygd nebb. Fjørdrakta er stort sett grøn, gul eller gråaktig, sjeldan mørk i farga. Utsjånaden deira kan likne finkar som til dømes grønfink.
Forplanting Nektaretarar skil seg lite frå frøetarar i hekkevanar. Pardanning kan skje allereie i oktober, sjølv om spel og hekking kan skje mellom desember og juli. Etter paring legg hoa 2-3 kvite eller blå egg med raudbrune flekker, oftast i tre, men nokre gonger i høgt gras. Egga blir klekt etter ei rugetid på 3-4 veker, og ungane blir mata av begge foreldra. Hos dei fleste artane blir fuglane kjønnsmodne etter eitt år.
Mat Nektaretarar har hovudsakleg diett basert på nektar, men òg av insekt, edderkoppar og larver som dei tar ut under bork med dei lange nebba. Frøetarar har diett som i hovudsak er avgrensa til frø av gras og tre.
Anna Dei mange variantane av nebb i denne gruppa, frå kraftige finkeliknande nebb, til spinkle nedbøygde nebb for søking i blomar har oppstått gjennom adaptiv stråling, der ein tidleg finkeart har utvikla seg til å fylle eit stort spekter av økologiske nisjar. Rundt 20 artar av hawaiifinkar har vorte utrydda i den siste tida, og mange fleire i perioden etter at polynesiarar kom og introduserte dei første rotter, høner, griser, hundar, og starta med jakt og landbruk.
Slekter og artar Nolevande artar av hawaiifinkar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:
Slekt Melamprosops Haleakalafink, Melamprosops phaeosoma, Poo-uli, Casey & Jacobi, 1974, (CR (PE))
Slekt Oreomystis Akikiki, Oreomystis bairdi, Akikiki, Stejneger, 1887, (CR)
Slekt Paroreomyza Oahuklatrefink, Paroreomyza maculata, Oahu Alauahio, Cabanis, 1850, (CR (PE)) Mauiklatrefink, Paroreomyza montana, Maui Alauahio, Wilson, SB, 1890, (EN)
Slekt Loxioides Palila, Loxioides bailleui, Palila, Oustalet, 1877, (CR)
Slekt Telespiza Laysanfink, Telespiza cantans, Laysan Finch, Wilson, SB, 1890, (VU) Nihoafink, Telespiza ultima, Nihoa Finch, Bryan, 1917, (CR)
Slekt Palmeria Karnevalsfink, Palmeria dolei, Akohekohe, Wilson, SB, 1891, (CR)
Slekt Himatione Blodapapane, Himatione sanguinea, Apapane, Gmelin, JF, 1788, (LC)
Slekt Drepanis Iiwi, Drepanis coccinea, Iiwi, Forster, G, 1780, (VU)
Slekt Psittirostra Ou, Psittirostra psittacea, Ou, Gmelin, 1789, (CR (PE))
Slekt Pseudonestor Papegøyefink, Pseudonestor xanthophrys, Maui Parrotbill, Rothschild, 1893, (CR)
Slekt Hemignathus Kauainukupuu, Hemignathus hanapepe, Kauai Nukupuu, Wilson, SB, 1889, (CR (PE)) Mauinukupuu, Hemignathus affinis, Maui Nukupuu, Rothschild, 1893, (CR (PE)) Akiapolaau, Hemignathus wilsoni, Akiapolaau, Rothschild, 1893, (EN)
Slekt Magumma Anianiau, Magumma parva, Anianiau, Stejneger, 1887, (VU)
Slekt Chlorodrepanis Smalnebbamakihi, Chlorodrepanis virens, Hawaii Amakihi, Gmelin, JF, 1788, (LC) Oahuamakihi, Chlorodrepanis flava, Oahu Amakihi, Bloxam, A, 1827, (VU) Tjukknebbamakihi, Chlorodrepanis stejnegeri, Kauai Amakihi, Wilson, SB, 1890, (VU)
Slekt Loxops Hawaiiklatrefink, Loxops mana, Hawaii Creeper, Wilson, SB, 1891, (EN) Akekee, Loxops caeruleirostris, Akekee, Wilson, SB, 1890, (CR) Hawaiiakepa, Loxops coccineus, Hawaii Akepa, Gmelin, JF, 1789, (EN) Mauiakepa, Loxops ochraceus, Maui Akepa, Rothschild, 1893, (CR (PE))
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kleidervögel» frå og «Hawaiian honeycreeper» frå , den 27. oktober 2010
Referansar
Bakgrunnsstoff Videoar av hawaiifinkar hos Internet Bird Collection
Kategori:Finkefamilien Kategori:Sporvefuglar Kategori:Fuglar endemiske for Hawaii