mini|Kart over delstatane som utgjer USA. USA er ein føderasjon som er sett saman av 50 delstatar. Washington, D.C. er ikkje rekna som ein delstat, men som eit forbundsdistrikt.
Etter amerikansk rett er delstatane suverene einingar, som tyder at makta deira kjem frå folket framfor å vere delegert frå den føderale styresmakta. Føderale lover går framfor delstatlege lover på område der den føderale styresmakta har myndigheit, men den amerikanske grunnlova avgrensar den føderale styresmakta si myndigheit. All makt som ikkje eksplisitt er tildelt føderale myndigheiter i grunnlova, er halde av til delstatane.
Den amerikanske borgarkrigen (1861 til 1865) og høgsterettsdommen «Texas v. White» fastslo at delstatane ikkje har rett til å lausrive seg, og at dei, jamfør grunnlova, ikkje har rett til å bedrive utanrikspolitikk.
mini|Året statane vart oppretta:
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Delstatar i USA» frå , den 27. april 2005.
sv:Lista över USA:s delstater och territorier bar:Listn vo de Bundesstootn simple:List of U.S. states