Søren Olai Hansson Randal () var ein norsk skulemann og lokalpolitikar for partiet Venstre.
Randal voks opp i Eivindvik. Han var ordførar i Gulen kommune i to periodar: 1946 og i 1964 – 67. Han var lærar og skuleinspektør i Gulen, og var leiar av fylkesskulestyret i Sogn og Fjordane og det regionale høgskulestyret. Randal hadde også ei rekkje andre tillitsverv – han var formann i Gulen kraftlag 1949 – 57 samt styremedlem i Vestlandsheimen, Vestlandske Teaterlag og Universitetet i Bergen.
I 1960-åra fekk han i stand ei yrkesfagleg linje i husstell i Eivindvik. Denne vart driven som underavdeling under husstellfagskulen i Førde fram til kring 1972.
Søren Randal vart far til Høgrepolitikaren Håkon Randal.
Kjelder Artikkelen er omsett frå bokmålswikipedia om Søren Randal. Sogn og Fjordane Fylkesleksikon om Søren Randal.
Kategori:Ordførarar i Gulen Kategori:Venstreordførarar i Sogn og Fjordane