Hille er ei øy i Gulen kommune i Vestland. Hille er den femte største øya i kommunen. Under folketeljinga i 2001 budde det 41 menneske i Hille grunnkrins, men denne omfattar òg mange andre øyar, m.a. Grima, Koksøyna, Store og Litle Kvernøyna og Kversøyna.

Dei andre store øyane i Gulen (Mjømna, Sandøyna, Byrknesøy og Hisarøy) har fått brusamband til no, men dei som bur på Hille er avhengige av båt. Fjord1 Fylkesbaatane køyrer dagleg innom Nordøyane, som inkluderer Hille. Ungane som veks opp på Hille, går på skule på Byrknesøy, der dei som bur på Hille også har postadresse.

Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Eivindvik prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Gulen herred, frå Digitalarkivet 17 12

Kjelder

Folketalet frå Hille er henta frå bokmålswikipedia sin artikkel om Mjømna. Rutetider for Fjord1 sin snøggbåt mellom Gulen og Ytre Solund.

Kategori:Øyar i Gulen