Austgulelva er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Ho kjem frå Galteskardet sørvest for Taklevatnet og renn mot vest til Austgulvatnet. Derfrå renn ho i sørvestleg, seinare vestleg, retning til ho munnar ut i Austgulfjorden ved Austgulen. Mellom Austgulvatnet og fjorden ligg det busetnad og jordbruksområde på begge sider av elva. Fv3 går langs heile vassdraget. Elva er lang, og har eit nedbørfelt på .NVE Atlas , Norges vassdrags- og energidirektorat Middelvassføringa ved munningen er .

Fiske I likskap med mange andre vassdrag i området vart fiskebestandane i Austgulelva negativt påverka av sur nedbør på siste halvdelen av 1900-talet. Elva har gode gytetilhøve for sjøørret, men bestanden vart i løpet av 1980-talet redusert, og vart i 1990 rekna som «tynn».Annie Elisabeth Bjørklund: Naturressurskartlegging i Gulen kommune, Sogn og Fjordane: Miljøkvalitet i vassdrag, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 155, mars 1995, ISBN 82-7658-050-5 For å bøte på skadane vart det i 1992-94 gjennomført bekkekalking med skjellsand ved Austgulvatnet. Prøvefiske i 1996 viste ei viss betring i tilhøva, og det vart funne fisk frå dei yngste årsklassene.Annie Elisabeth Bjørklund, Bjart Are Hellen: Kalkingsplan for Gulen kommune, 1997, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 286, 1997, ISBN 82-7658-145-5 I 1998 hadde Austgulvatnet ein svært tett bestand av aure, med god rekruttering og høg tettleik av ynglar ved innløpet.Trygve Hesthagen Gunnel Østborg: Endringer i areal med forsuringsskadde fiskebestander i norske innsjøer fra rundt 1990 til 2006, NINA Rapport 169, Trondheim, desember 2008, ISBN 82-426-1724-4

Kjelder

Kategori:Elvar i Gulen