Anders Olsson Korsvold () var ein norsk byggmeister og gardbrukar på garden Fonna i Gulen.

Korsvold bygde Arnafjord kyrkje, Mjømna kyrkje på Mjømna i 1901, Gaupne kyrkje i Gaupne 1907 og den engelske St. Olafs kyrkje i Balestrand. Han bygde også Fretheim hotell i Flåm i 1904, Maristuen hotell i Lærdal, Nystuen hotell på Filefjell, Hotel Mundal i Fjærland og Kviknes Hotell i Balestrand. Videre bygde han også gjestgjevarstaden på Skjerjehamn i 1891, prestegarden i Eivindvik (hus og løe) i 1905, lensmannshuset Solvang, bolighuset på Krossvoll.

Han døydde under eit opphald i Balestrand.

Referansar

Kategori:Norske byggmeistrar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Gulen