Aardalens Venner (skipa i 2006) er eit venelag som mellom anna arbeider for å halde i hevd den veglause garden Aardalen i Selje kommune. Aardalens Venner arbeider med å ta vare på hus og tun både i Aardalen og på Rydjejorda, som har vore ein plass under Aardalen. Dei tek også mål av seg til å skjøtte kulturlandskapet, og fremje bruk av plassen. Aardalens Venner står i Brønnøysundregistra med organisasjonsnummer 991 261 818. Jan Hammersvik er leiar for Aardalens Venner (2013). I 2009 vart strekninga Hoddevik - Liset, der Aardalen ligg, teke med i regjeringa sin rapport om kulturlandskap i landbruket. Området vart vald ut som eitt av 20 område i Noreg som skal takast særskilt vare på grunna særeigne kulturlandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar. I forvaltningsplanen for Hoddevik-Liset står det:
Bakgrunnsstoff Nettsida til Aardalens Venner Selje Kommune om Aardalens Venner Hoddevik - Liset vart i 2009 teke med som eitt av 20 utvalde kulturlandskap (Nettsidene til regjeringa) Litteratur Gården Årdal i Selje - en vegetasjonsøkologisk undersøkelse av kulturmark, (Masteroppgåve ved Institutt for naturforvaltning, Universitet for miljø- og biovitenskap) Anne Lise Koller, mai 2010 Antikvarisk vurdering av Aardalen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kulturavdelinga, 22. februar 2007 kategori:Norske organisasjonar Kategori:Selje kommune Kategori:Skipingar i 2006