mini|Elin Wägner Elin Matilda Elisabet Wägner () var ein svensk forfattar, journalist og feminist.

Dei skjønnlitterære bøkene til Elin Wägner handlar om kvinnerettar, kvinneleg røysterett, fredsspørsmål, sosiale spurnader og miljøspørsmål. Feminismen ho representerer kallast normalt for særartsfeminisme. Ho blir normalt rekna som ein av dei såkalla «tiotalsförfattarna» og var ein del av Fogelstadsgruppa. Wägner er mest kjend for engasjementet sitt for kvinneleg røysterett og for at ho var med og grunnla Redd Barna i 1919.

Wägner vart medlem av Samfundet De Nio i 1937 og av Svenska Akademien i 1944. Ho var aktiv skribent i tidsskriftet Tidevarvet i perioden 1923–1936.

Ho var dotter av rektor og fil. dr. Sven Wägner og Anna Mathilda Elisabeth Ekedahl, prestedotter frå Tolg i Småland. Ho var syster til journalisten Harald Wägner, tante til Ria Wägner og gift med litteraturvitaren John Landquist i perioden 1910–1922.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «» frå , den 7. november 2010.

Kategori:Svenske forfattarar Kategori:Svenske journalistar Kategori:Medlemmer av Svenska Akademien Kategori:Folk frå Lund i Sverige