Mona Røkke ()Bergens Tidende, 15.07.13: Mona Røkke er død var ein norsk jurist og politikar frå Høgre. Ho blei vald inn på Stortinget frå Buskerud i 1977 og attvald i 1981 og 1985. Ho var justisminister i Regjeringa Willoch frå 1981 til 1985, og ho var Fylkesmann i Vestfold frå 1989 til 2010.
Regjering 14. oktober 1981–4. oktober 1985: Statsråd i Justis- og politidepartementet
Stortingskomitéar 1977–1981: Medlem i Justiskomitéen 1985–1989: Medlem i Forsvarskomitéen 1985–1989: Medlem i Sosialkomitéen
Politiske og offentlege verv
1990–1997 Klagenemnda for kringkastingsprogram. Nestleiar i styret for Statens landbruksbank/Landbrukets utviklingsfond frå 1994 til 2000. 1990 og 1991 leiar for eit utval som utgreidde rettstryggleik for menneske med psykisk utviklingshemming. 2003–2004 medlem av lovutvalet for harmonisering av den kommunale helse- og sosiallovgjevinga. 2001–2004 medlem av klagenemnda for film og video. 1995–2004 leiar av Telenor si bedriftsforsamling. 1997–2005 leiar av Reindriftsstyret. Frå 2001 leiar av Nasjonalt utval for busetjing av flyktningar. 1976–1985 medlem av Høgre sitt sentralstyre . 1979–1985 leiar i Høgrekvinnene sitt landsstyre. 1986–1988 nestleiar i Europabevegelsen. 1987–1993 styremedlem i Den Norske Kreftforening, nestleiar 1988–1993. 1989–1997 nestleiar i styret for Norsk Folkemuseum. 1991–1993 varamedlem i Nobelkomiteen.
Heider Ho blei i 2005 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.
Litteratur Mona Røkke var justisminister då ho i september 1985, fekk vite at ho hadde kreft for andre gong. Sjølvbiografien Ingen tid for tårer fortel om Monas Røkke sin kamp mot sjukdomen. Ho fortel også om barndom og unge år, om tida som politifullmektig i Drammen, som stortingsrepresentant og som justisminister.
Bibliografi Mona Røkke. Fortalt til Thorleif Andreassen (1986): Ingen tid for tårer Oslo Gyldendal
Kjelder
Stortinget.no - Biografi
Kategori:Norske justisministrar Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Willoch Kategori:Fylkesmenn i Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske forfattarar av erindringsbøker Kategori:Folk frå Drammen Kategori:Medlemmar og varamedlemmar i Nobelkomiteen