Frøysetelva eller Yndesdalsvassdraget er ei elv i kommunane Gulen og Masfjorden i Vestland. Ho renn frå Yndesdalsvatnet til Frøyset ved Fensfjorden. Elva er lang (medrekna Øyrelva), og har eit nedbørfelt på .NVE Atlas , Norges vassdrags- og energidirektorat Middelvassføringa ved munningen er .

Vassdraget vart i 1985 varig verna mot kraftutbygging gjennom Verneplan III for vassdrag. Det vart likevel gjort unnatak for nedbørfelta til dei to vatna Austgulstølvatnet og Transdalsvatnet, fordi vassføringa frå dei to vatna vart sett som naudsynt for ein lønsam utbygging av Kløvtveit kraftverk, som vart vurdert å «ha avgjerande tyding for distriktet si kraftforsyning i framtida».St.prp. nr. 89 (1984-85) Verneplan III for vassdrag, Objekt nr. 83, Ynnesdalsvassdraget Dei to felta utgjer til saman 6% av dei totale areala til vassdraget. Dei to vatna vart overført til Klyvtveitvatnet i 2006, då Kløvtveit kraftverk vart sett i drift.

Sideelvar Vassdraget er forgreina, med mange sideelvar, der dei største er: Kjerelva – 1 km nord for Frøyset Myrdalselva – i Sleirsvatnet ved Sleire Markhusdalselva – i Sleirsvatnet ved Saghaugen Steinsdalelva – i Vetlevatnet vest for Yndesdalsvatnet Furdalselva – i Yndesdalsvatnet frå nord Øyrelva – lengst aust i Yndesdalsvatnet

Kjelder

Kategori:Elvar i Gulen Kategori:Geografi i Masfjorden