Jernfjelltunnelen er ein vegtunnel på europaveg 39 mellom Gulen kommune i Sogn og Fjordane og Masfjorden kommune i Hordaland. Tunnelen går gjennom Jernfjellet mellom Kringla i Gulen kommune og Hopsdalen i Masfjorden kommune. Tunnelen vart opna i 1989 og er 2391 meter lang (981 meter i Gulen og 1410 meter i Masfjorden). Han erstatta vegen om Furebotn og Solheim. Gamlevegen er i dag delvis fylkesveg og delvis kommunal veg.
Det er ikkje tillate for fotgjengarar og syklistar å ferdast i Jernfjelltunnelen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jernfjelltunnelen» frå , den 11. november 2010.
Kategori:Tunnelar i Vestland Kategori:Vegar i Gulen Kategori:Vegar i Masfjorden Kategori:Tunnelar opna i 1989