Dyregrov, også skrive Dyregrova, er ein gard i Gulen kommune i Vestland. Dyregrov har matrikkelnummer 38 i Gulen.
Geografi Garden ligg ca. halvannan kilometer vestom Oppdalsøyra, på sørsida av Austgulfjorden. Fv3 går rett nedom gardstunet.
Historie
Etter matrikkelen i 1667 var skylda til garden eit pund smør og dei hadde seks naut. Utsåd var 1½ mæle korn og avling var ei tønne og ei mæle. I matrikkelen frå 1723 står det at matrikkelskylda var eit pund og at dei hadde fem kyr, to ungnaut og seks sauer. Utsåd var ei tønne havre og avlinga var tre tønner. Det var då ein brukar på garden.
Bruk nr. 2 vart busett kring 1819. Bruket heiter Sanddalsnes og er ei øyr ved munningen til Sanddalselva.
Namn Namnet kjem av gammalnorsk «Dyragrof», som tyder fangstgrav.
I 1620 vart namnet skrive «Diuregroff», i 1667 «Dyregraf» og i 1723 «Dyregrov».
Statens kartverk godkjende skrivemåten «Dyregrov» i 1974 og «Dyregrova» i 1985.
Namnet er no ikkje brukt som gardsnamn andre stader i Noreg, men Oluf Rygh nemner at det tidlegare har vore gardar med namnet i Sandsvær og i Nesset i Romsdal.
Kjelder
Vidare lesnad Ivar Kleiva: «Gnr. 38. Dyregrov» i Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga, band l, side 629-635.
Bakgrunnsstoff «Dyregrov» i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv «Dyregrov» i matrikkelen for 1886 «Dyregrov» i matrikkelutkastet av 1950
Kategori:Gardar i Gulen