mini|Born dansar i krins. Måleri av Hans Thoma. Songleik er ein leik ein syng til og som det høyrer visse reglar som rørsler, dansetrinn og handlingar til. Dei er ein del av folkedans- og musikk mange stader, og blir mykje leika av og med born.

Dei fleste songleikane er munnleg overleverte, og opphavet deira er berre sjeldan kjent. Dei kan høyra til visse høve, som juletregang.

Rørslene til songleikar kan omfatta alt frå fingerleik (Lille Petter Edderkopp) til ringdans (Bro bro brille).

Døme: Bjørnen sover Bro bro brille Hjulene på bussen Eg gjekk meg over sjø og land Lille Petter Edderkopp Reven rasker over isen Skjære, skjære havre Så går vi rundt om en enebærbusk Ta den ring og la den vandre Tornerose var et vakkert barn Tyven, tyven

Bakgrunnsstoff

Kategori:Dansar Kategori:Leikar