Breistein er ein matrikkelgard i Åsane bydel i Bergen. Folketalet innanfor den gamle matrikkelgarden var 642 i 2001.Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 295 Det tettbygde området vert rekna som del av tettstaden Hylkje. Breistein ligg aust i Åsane, ved Sørfjorden. I sør ligg bydelen Arna.
Breistein fekk ein sterk folkevekst frå 1920-talet av, i samband med industriutbygging. Folkeveksten heldt fram i andre halvdel av 1900-talet, med utbygging av bustadområde.
Rundt 1970 vart det heilt slutt på jordbruket på Breistein.
Kjelder
Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 294-303
Kategori:Gardar i Åsane