Tuss eller tusse er eit vette som kan høyra til dei underjordiske i norsk folketru eller jotnar i norrøn mytologi.

Tusser hadde nok opphavleg med jotnar å gjere. Til dømes vert jotunen Trym i Trymskvida kalla Tusse-drotten. Norrønt þurs eller þuss betyr 'troll'. I seinare tid har ordet «tusse» vore brukt i samband med huldrefolk. Ein såg gjerne for seg tusser som små, og førestilte seg dei som blå-eller gråkledde. Dei budde under jorda, men nær menneske, og livet deira likna det til menneske.«Tusser» i Store norske leksikon (fri gjenbruk) Andre namn for dei er haugtussar eller bergtussar.

Det finst ei rekkje tradisjonar om samkvem mellom tusser og menneske. Ein har til dømes slåtten «Tussebruri», og segner der huldrekallar som gjer kur til menneskekvinner vert kalla tussefriar. Ei tusse kan også vera ei hulder.

Sjå òg haugfolk

Kjelder

Bakgrunnsstoff Segn om tussefriar Trymskvida

Kategori:Norsk folketru Kategori:Overnaturlege vesen Kategori:Ord frå norrønt