Domstolane i Noreg er den dømmande makta i Noreg. To av domstolane er tekne med i Grunnlova – Riksretten og Høgsterett. Dei andre domstolane er oppretta ved formell lov.

Domsstolstrukturen i Noreg Riksretten

Dei vanlege domstolane Høgsterett Lagmannsrettane Tingrettane. Fram til 1. januar 2003 vart tingretten kalla forhøyrsrett, skifterett, namsrett, skjønsrett eller vergemålsrett etter kva slags saker som var til førehaving. Men frå og med 2003 skal berre nemninga tingrett nyttast.

Militære domstolar i Noreg I militære straffesaker inngår følgjande domstoler: Høgsterett Lagmannsrett Krigsrett Militær forhørsrett

Særdomstolar i Noreg Arbeidsretten Jordskifterett og Overjordskifterett Skjønnsretten

Administrativt ansvar for domstolane Domstoladministrasjonen har det administrative ansvaret for alle domstolane i landet.

Domstolliknande forvaltingsorgan Organ som Trygderetten og Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker er ikkje domstolar, men domstolliknande forvaltingsorgan.

Bakgrunnsstoff Norges domstoler - Portal for alle domstolar i Noreg