Grip stavkyrkje står i det fråflytte fiskeværet Grip på øya Grip utom Kristiansund by i Kristiansund kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er nemnd fyrste gong i Trondhjems Reformats 1589, men plar daterast til kring 1470 sjølv om det er mogleg at ho er frå 1300-talet.Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelen. Kyrkja har framleis mellomalderkjernen inntakt, men mange bygningsdelar er fornya. Skipet og koret har same breidd, 6,5 meter. I 1621 vart veggene i koret skifte og dei nye veggene vart måla. I 1870-åra vart det laga nye vindaugsopningar, og ytter- og innerveggene vart panelte og kvitmåla. Kyrkja er fundamentert på fjell på det høgaste punktet på øya, 8 meter over havet. mini|venstre|Alteret og alterskåpet frå kring 1515.
I 1933 vart det gjort ei omfattande restaurering. Kyrkja vart heva og sett på nytt fundament. Ytterveggene vart bordkledde og tjørebreidde og panelet inni kyrkja vart avdekt. Slik kyrkja står i dag trur ein at ho var på 1600-talet. Kyrkja vart òg restaurert i 1621.Olava Øverland (1995): Våre altertavler. Oslo: Samlaget.
Det gamle mellomalder-altarskåpet, som truleg er laga i Nederlanda, vart òg atterinnsett i 1933. Motivet på altarskåpet er Jomfru Maria med Jesusbarnet flankert av Olav II Haraldsson (heilag-Olav) og St. Margrethe. St. Margrethe vert i katolsk kristendom rekna som ei av dei 14 naudhjelparane som vert påkalla ved sjukdom. Det finst òg ei avbilding av henne i Bergen Museum på to altarskåpfløyer som kom til Bergen Museum frå Hjørundfjord kyrkje på Sunnmøre i 1864. Fløydørene på alterskåpet er bort. Alterskåpet er skore i eik og måla, yttermåla er 128 cm breitt og 182 cm høgt.
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Grip stavkirke»» frå Wikipedia på bokmål som oppgjev desse kjeldene:
Gunnar Bugge: Stavkirkene i Norge, Oslo 1981, ISBN 82-09-01890-6 «Grip stavkirke» på nettstaden stavkirke.org
Bakgrunnsstoff
Om Kristiansund kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Møre og Romsdal» på nettstaden til Arkivverket
Kategori:Freda bygg i Møre og Romsdal Kategori:Grip Kategori:Norske kyrkjer frå 1400-talet Kategori:Norske stavkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kyrkjer i Ytre Nordmøre prosti Kategori:Kyrkjer i Kristiansund Kategori:Kulturminne i Kristiansund Kategori:Valkyrkjer i 1814