mini|Gamalt postkort av Haukland i Vefsn. mini|Vefsnfjorden med Mosjøen og Vefsna-dalføret i bakgrunnen. Talemålet i Mosjøen har endra seg mykje etter at industribygginga på 50-talet kom i gang Vefsnmål eller midthelgelandsmål femner dei tradisjonelle nordnorske målføra i dei midtre stròka på Helgeland, frå Herøy på kysten til Hattfjelldal mot Svenskegrensa i aust, og området kring Vefsnfjorden og langs VefsnavassdragetEtter Hallfrid Christiansen Norske dialekter, i Kjell Øksendal: Målføret i vefsnbygdene, dvs. kommunane Vefsn, Grane, Hattfjelldal, Leirfjord, Vevelstad, Alstahaug, Herøy og den sørlege delen av Dønna. Byen Mosjøen har hatt stor tilflytting etter Mosjøen Aluminiumsverk vart bygt, og dette har påverka bymålet sterkt.

Målmerke Vilhjelm Riksheim skriv i avhandlinga si Ljodvokstren i Vefsn-målet at "Vefsnmålet tek på ein måte ein millomplass millom aust- og vestnorsk". Som nordnorske målføre elles har Vefsnmålet:Kjell Øksendal: Målføret i vefsnbygdene, i Vefsn bygdebok b. III (Mosjøen 1977) Høgtone. Setninga byrjar på ein høg tone som dett mot slutten. Dette er eit målmerke nordnorsk har til sams med vestnorsk. Halvhogging (apokope). Orda manglar dei trykklette endestavingane i ymsande grad. Dette har nordnorsk til sams med trøndersk. Bunden form fleirtal av inkjekjønnsord har same ending som hankjønnsorda: husan, fjellan, nøstan. J-klang (palatalisering) av n, l, t og d t.d. i mann og kall. Vefsnmålet har mange målmerke som gjer at det skil seg ut frå andre helgelands- og nordlandsmål, mellom anna:

Lenisering. Dette liknar bløytinga av p, t, k ein kjenner frå sørvestlandet der mat og kake læt som mad og kage. Midthelgelandsmåla har frå gamalt ei liknande ovring, der stemde og ustemde konsonantar kan verta halvstemde: fad̥, mad̥, kag̊æ, ed̥æ, någ̊o. Ingen spor etter jamvekt. Her har både brønnøymålet i sør og ranværingsmålet i nord jamvektsformer som hara (Rana) og maga (Brønnøy). Slike ord har alltid -e i vefsnmålet. Fri apokope. Der grannemåla har kategoribunden apokope, har Vefsnmålet apokope regulert av setningsrytmiske reglar. T.d. å etæ når verbet er trykksterkt, men å et''' når det ikkje har tyngd i setninga. Skilje mellom tonelag 1 og 2, som vantar heilt i brønnøymålet. Linn hokjønsbøying. Hokjønsord som på nynorsk endar på -e (t.d. jente, veke) får i midthelgelandsmål endinga -o i bunden eintal, t.d. klokko, jento. I fleirtal får dei endingane -år og -ån, t.d. jentår, jentån. Dativ etter preposisjonar. Som brønnøymålet har Vefsnmålet eigne dativformer av substantiv.

Uttale Vefsnmålet har palatalisering i ord som mann og kall, og tjukk-l både av historisk l og norrøn rð, slik at orda stol og bord rimar. I eldre tid fanst det ein spesiell l-lyd frå konsonantsambandet tl. Lyden var kjend berre i nokre få ord, t.d. tahlåt "skrøpeleg, småleg", bihlæ "lita tann" og fahlæ "fatle". Eit anna særdrag er at gamal kort e går over til a framføre tjukk-l, t.d. halg, alg, fal og val for helg, elg, ferd og verd.

Lenisering Lenisering er eit særdrag som skil Vefsnmålet tydeleg ut frå dei andre helgelandsmåla. Lukkelydane p, t, k og b, d, g kan verta halvstemde etter vokalar, noko som liknar bløytinga i sørvestlandske målføre. Tabellen under syner kva stavingar som får samanfall. Ovringa fører til at vokalar vert halvlange framfor det som i skriftmåla er lange stemde lukkelydar, slik ord rodd får samanfall med rot. I tabellen under er K1 bruka om stemde lukkelydar (/p t k/), K2 bruka om stemde lukkelydar (/b d g/), og K3 bruka om leniserte lukkelydar ([b̥ d̥ g̊]). +Døme på leniseringAustnorskdømeVefsnmåldømeVK2ːrodd [ɾudː]VˑK3rod̥ [ɾuˑd̥]VːK1rot [ɾuːtʰ] Bymåla i Mosjøen og Sandnessjøen har lenge mangla lenisering. I dag er det berre dei eldste generasjonane, helst dei som vaks opp på bygda, som enno har noko lenisering i målet sitt.

Ymsing i målet Endå om midthelgelandsmåla stort sett kan seiast å vera ein dialekt, finst det skilnader frå stad til stad. Utover Leirfjorden og kystområda er kj-lyden ein affrikat, dvs. uttala nesten som ch i engelsk church. Ein annan skilnad finst i uttalen av den opne ò-vokalen i ord som skot, lov og grofte (bregne). På innlandet er denne ein ø-lyd: skøt, løv og grøfte, medan han er ein å-lyd på kysten: skåt, låv, gråfte. På innlandet er det lang e-vokal i notid av mange sterke verb: fer, grev og dreg. På kysten har desse lang æ-vokal: fær, græv og dræg. Kystmåla har i tillegg fleire kortformer av verb og meir gjennomført dativbruk enn innlandet. Elles er språksystemet stort sett det same i heile midt-Helgeland.

Verbbøying I motsetning til grannemåla som har statisk apokope i infinitiv, held verb ofte på infinitivsendinga i vefsnmålet. Endinga vert uttala når ordet står trykksterkt og har særskild tyngd i setninga, før talepausar, eller når verbet står på slutten av setninga. I andre samanhengar (som ein gjerne kallar trykklett stilling) fell endevokalen bort. Som fleire av dei sørlege nord-helgelandsmåla blir trykklett -a uttala som ein slags -æ. Denne lyden vert ofte skildra som ein mellomting mellom a og æ. +Trykklett stillingTrykksterk stillinge ska les' ei boke ska lesæno må du et' kako dino må du etæho e go å dans' valsho e go å dansæ Elles fylgjer verba stort sett nynorsk mønster: inga ending i sterke verb, æ-ending i a-verb og e-ending i e-verb. I e-verba kan endinga apokoperast i presens og preteritum etter dei same reglane som infinitivsendinga. +Døme på verbbøyingarInfinitivPresensPreteritumPresens perfektumSterke verbå far(æ)ferfórha føre/fareå finnj(æ)finnjfannjha funnjeA-verbå kallj(æ)kalljækalljæha kalljæå fløtt(æ)fløttæfløttæha fløttæE-verbå døm(æ)døm(e)dømt(e)ha dømtå hør(æ)hør(e)høul(e)ha høurt Utviklinga i dag går mot stadig meir apokope i infinitiv, slik at infnitivsforma alltid manglar ending. Dette gjeld særleg for bymåla.

Substantivbøying Vefsnmålet har to ulike bøyingsmønster for hokjønsord; ei for hokjønsord som i ubunden eintal endar på -æ, og ei for hokjønsord utan slik ending. I tillegg er tonelaget særs viktig for formvariasjon, og fleire former skil seg berre i tonelaget. +Døme på substantiv i vefsnmåletEintalFleirtalUbundenBundenDativUbundenBundenSterke hankjønnsordskog1skojen1skojæ2skogæ2skogansøu1søuen1søuæ2søue2søuenSvake hankjønnsord2bakke2bakken2bakko2bakkæ2bakkanSterke hokjønsordbygd1bygdæ1bygd'n2bygde2bygd'når1åræ1år'n2åræ2årandør1døræ1dør'n2dørnæ2dørnanSvake hokjønsord2vekæ2veko2veken2vekår2vekånSterke inkjekjønnsordlam1lamme2lammælamm/låmm1lamman/låmman1vatn1vatne2vatnæ1vatn1vatnan2æple2æple2æplæ2æple2æplanSvake inkjekjønnsord2øuæ2øuæ2øuæ2øuår2øuån2jartæ2jartæ2jartæ2jartæ2jartan

Dativ Tradisjonelt Vefsnmål har restar frå det gamalnorske kasussystemet. Dativformer av substantiv fanst etter preposisjonar, men ikkje etter verb eller adjektiv. Etter preposisjonane i og på vart dativ berre nytta ved påstadnemning, t.d. fer i skojen (fer inn i skogen) og fer i skojæ (fer inne i skogen). Dativ fleirtal fanst berre i faste uttrykk, gjerne ved stadnamn: i strøumo, i hålmo. Restar frå ubunden dativ finst i uttrykk som a nyo (av nytt), å nyo (på nytt) og a heilo (av eit heilt stykke), i tillegg til andre meir ålmenne norske uttrykk som i live.

Døme på dativ frå Far etter Fedrane av Reidar Svare:

Han gjekk mæ knivæ i ha'nd. «Han gjekk med kniven i handa» Dar oppi bakko fekk n sjå ein hørd-mann så sto og haugd ve. «Der oppi bakken fekk han sjå ein hulder-mann som stod og hogg ved» Han låg mæ rauhuvæ på å nattæ, slik skikkjen va før i ti'n. «Han låg med raudhuve på om natta, slik skikken var før i tida.» Mæ-kvart va dæ så høgt at dæ song i fjellæ. «Stundom var det så høgt at det song i fjellet.»

Særmerkte ord Somme substantiv har anna kjøn enn bokmål: ein nebb, ein fjøs, ei lae, ei famn, eit kai, eit botn Ordtilfang Målføregranskarar som Sigurd Kolsrud har skildra ordtilfanget i Vefsnmålet som "fornt og merkelegt". Det som truleg er meint med det er at fram til nyare tid har mange "gamle ord" halde seg i målføret. Døme på det kan vera ånnår for ski (norrønt: ǫndurr) eller måg for svigerson (norrøn: mágr), men desse finn ein òg i mange andre norske målføre. Tradisjonelt sa ein glunt og tøus for gut og jente, og kallj og kjæreng (eller kånæ) for mann og kone.Pronomen +Personlege pronomenSubjektObjektEigedom1p. eintalememinnj, mi, mett, mennæ2p. eintaldudedinnj, di, dett, dennæ3p. eintalHankjønnhannjhannj, '(e)nhanjs/hassHokjønhoho, 'ohinnjesInkjekjønndædæRefleksiv sesinnj, si, sett, sennæ1p. fleirtalviåssvår, vårt, vår (våres)2p. fleirtalVanlegdåk(k)er, dågger, dårdåk(k)ers, dåggers, dårsVyrdelegIØrØrs3p. fleirtaldi, deidæres Formene hanjs, hinnjes og dæres vert ofte bytte ut med hannjes, hennjes og dæmmers i bymåla (Mosjøen og Sandnessjøen). Forma dæm vorte vanleg, både som subjekts- og objektsform.

Pronomenet I/Ør var tidlegare bruka i høfleg tiltale, men gjekk gradvis ut av bruk tidleg på 1900-talet. Det vart sett som vanleg folkeskikk å bruka det til besteforeldra sine t.d. Slo I ør, bæssfar? «Slo du deg, bestefar?».

I nyare tid har forma våres teke over for vår/vårt. I det tradisjonelle målføret vart dei bruka som trykksterk form, men seinare har di vorte det vanlege i alle stoder.

Peikande pronomen Her og der heiter hér og dar. Tradisjonelt var det skilnad på nære og fjerne peikande pronomen, slik at denne vart sagt om noko som var nærme, og dannæ om noko lengre unna. Om ordet har særleg trykk eller når det står åleine utan substantiv får det endinga -næ. +Peikande pronomenHan- og hokjønInkjekjønnFleirtalNærAdjektiviskdennedettedesseSubstantiviskdennenædettenædessenæFjernAdjektiviskdannædattædassæSubstantiviskdannænædattænædassænæ Ofte er det variasjon i vokallengda i desse orda. T.d. kann ein høyra både danæ og dannæVilhjelm Riksheim (1921): Ljodvoksteren i Vefsn-målet. Kra.. I nyare tid har uttrykk som denj hær, dæ dær og di hær teke over for dei gamle peikande pronomena.

Spørjeord Dei vanlegaste spørjeorda er ke (eldre mål: kve), kem og kor og kvar. Tradisjonelt vart kor berre bruka i tydinga korleis: «kor dæ går?». Ordet hadde mange uttalevariantar, som kår, kør og attpåtil kur, men i dag er kor einerådande. Seinare har andre spørjeord kome inne i dialekten, som korleis, korsn, kersn og keles. I eldre mål fanst formene kvarst for kvar (bm: hvor til, hvor hen), men det vanlegaste i dag e berre kor. Målprøver

Forteljingar