Bjørnsund leirskule er ein leirskule på Bjørnsund i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal fylke. Leirskulen er eigd av Hustadvika kommune (tidlegare Fræna kommune)

Bjørnsund er eit avfolka fiskevær på ei øygruppe i innlaupet til Romsdalsfjorden, og leirskulen formidlar kystkultur og -natur. Leirskulen brukar Bjørnsund skule frå 1962 som hovudbygning og har i tillegg fire bustadhus og ei bryggje.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Bjørnsund leirskule

Kategori:Hustadvika kommune Kategori:Leirskular i Noreg