Liane, tidlegare skrive Lien, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 16.

Geografi Liane ligg Ønadalen, mellom Ramsgrø og Horne. I aust grensar garden til Hydalen. Tuna ligg mellom 180 og 250 meter over havet. Det går kommunal veg til bruka frå Fylkesveg 607.

Historie Liane var truleg skilt skilt ut frå anten Horne eller Lone i Fjaler i gammal tid. Kring 1600 vart garden teken opp att etter å ha lege aude. På 1600-talet var det to bruk på garden. På 1700-talet vart det skilt ut eit bruk til, og på 1800-talet to til. Det har vore tre husmannsplassar under garden.

Namnet Gardsnamnet viser til liene i nordaust, der den beste jorda på garden finst.

Liane er brukt som gardsnamn fleire andre stader i landet.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Liane» i 1986.

Sjå òg Matrikkelgardar i Hyllestad kommune

Kjelder

Vidare lesnad

Bakgrunnsstoff «Liane» i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv «Lien» i matrikkelutkastet av 1950 «Lien» i gardsmatrikkelen for 1886

Kategori:Gardar i Hyllestad