Nasjonalarkivet, tidlegare Arkivverket, er ein norsk statleg etat som oppbevarer statlege arkiv, fører tilsyn med offentleg arkivering og arbeider for å ta vare på private arkiv.

Nasjonalarkivet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet og har åtte lokasjonar: Oslo, Hamar, Kongsberg, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø og to spesialarkiv, Samisk arkiv i Kautokeino og Norsk helsearkiv på Tynset. Nasjonalarkivet i Oslo oppbevarer arkiva etter statlege etatar og andre riksdekkande institusjonar. Nasjonalarkivet andre stader oppbevarer arkiv etter lokale og regionale statlege etatar og dessutan private arkiv frå selskap, organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar.

Digitalarkivet presenterer sentrale kjeldeseriar på verdsveven, mellom anna folketeljingane frå 1801, 1865 og 1900 i tillegg til dei norske emigrantdatabasane.

Nasjonalarkivet hadde 326 tilsette i 2019 og vert leia av ein nasjonalarkivar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Digitalarkivet

Kategori:Norske statsetatar