Hydalen eller Høydal, tidlegare skrive Hydal, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 19.
Geografi Hydalen ligg ved Hydalsvatnet, austom Vassenden. Garden grensar i vest til Ramsgrø og Øn, i aust til Fjaler kommune og i sør til Sundbotn. Det går kommunal veg til bruka frå Fylkesveg 607.
Historie Hydalen er nemnt i Bergens kalvskinn frå midten av 1300-talet.
Namnet I Bergen kalvskinn er namnet skrive «Ydolum» og fyrstelekkjen «Y» skal tyde barlind, slik at gardsnamnet tyder 'barlinddalen'. Sjølv om det ikkje veks barlind i Hydalen no gjer det det andre stader i Hyllestad og også i Fjaler.
I kjeldene er namnet skrive «i Ydolum» (BK. 28 b.), «i Yydolum» (BK. 29 a.), «Hiødall» (1563), «Høedall» (1603), «Høedallenn» (1608 og 1667) og «Høedahl» (1723).
Hydalen er brukt som stadnamn fleire andre stader i landet.
Statens kartverk godkjende skrivemåten «Hydalen» i 1986 og «Høydal». i 1962.
Når gardsnamnet vert brukt som slektsnamn plar det skrivast «Høydal».
Sjå òg Matrikkelgardar i Hyllestad kommune
Kjelder
Vidare lesnad
Bakgrunnsstoff «Hydalen» i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv «Hydal» i matrikkelutkastet av 1950 «Hydal» i gardsmatrikkelen for 1886
Kategori:Gardar i Hyllestad