Halvor Olsson Stamsø () var ein norsk lærar, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Søndeled i Aust-Agder. Ole Toresson Rød var far hans.
Stamsøy var skulehaldar frå 1819 til -33. I 1833 kjøpte han garden Stamsøy i Søndeled og dreiv denne i lang tid. Han var lensmann 1845-55. Stamsøy var forlikskommissær 1834-37 og medlem av heradsstyret 1838-64, ordførar i åtte år.
Stamsøy representerte Nedenes og Robygdelagets amt på Stortinget 1848-51 og 1857-60. I Både i 1848 og 1851 medlem av budsjettkomiteen, 1851 også av Lagtinget. Han heldt fram som lagtingsmedlem 1857-60, då han elles var med i konstitusjonskomiteen.
Han døydde på garden sin i Søndeled i 1890.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Ordførarar i Søndeled Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Risør