Peder Anderssen Sønju () var ein gardbrukar og stortingsmann frå Øvre Eiker i Buskerud.

Far hans var gardbrukar på Sønju. Sjølv kjøpte han grannegarden Håve av far sin i 1858 og dreiv denne, i 1866 overtok han også Sønju. År 1872 flytta han til garden Guterud i Nore og dreiv denne. Han fungerte som lensmann i Nore 1874-76, fast tilsett i stillinga 1887-1903.

I to år var han medlem av formannskapet i Eiker og 1879-87 i Nore, seks av åra var han ordførar i Nore. Elles var han fire år styreformann i Nore Sparebank og medlem av forlikskommisjonen frå 1877. Han var styremedlem av amtet sitt landbruksselskap og hadde mange andre verv.

Sønju var 1883-85 4. representant og 1892-94 3. representant på Stortinget. Han vart vald for Buskeruds amt og partiet Venstre. I den fyrste perioden var han medlem av jarnbanekomiteen, medan han i den andre perioden var medlem av Lagtinget, landbrukskomiteen og valkomiteen.

Sønju døydde 1903 på garden sin i Nore.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Nore Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Folk frå Øvre Eiker