mini|Det tradisjonelle flagget til Mecklenburg Mecklenburg er eit gammalt riksterritorium i det nordlege Tyskland, med si eiga historie og kultur, som i dag utgjer den vestlege delen av delstaten Mecklenburg-Vorpommern.
Geografi mini|Mecklenburg var delt inn i Mecklenburg-Schwerin og Mecklenburg-Strelitz i åra 1866-1934 Mecklenburg grensar i vest til Schleswig-Holstein og Niedersachsen, i sør til Brandenburg og i aust til Vorpommern. Naturlege grenser utgjer Austersjøen i nord, Elbe i sørvest og dei tre elvane Recknitz, Trebel og Pene i aust.
Dei største byane i Mecklenburg er Rostock, Schwerin, Neubrandenburg og Wismar. Mecklenburg er forholdsvis tynt folkesett. Dei viktigaste næringane er landbruk, turisme og to universitet. Industrien er avgrensa til einskilde skipsverft i Rostock og Wismar. Det har gode kulturelle og økonomiske samband til naboane i Austersjøområdet. Det er ferjesamband til Danmark, Sverige, Finland, Litauen og Russland.
Historie Namnet Mecklenburg (Mikelenburg) opptrer første gongen i kjelder frå året 995. Det var då ei slavisk borg i det noverande Dorf Mecklenburg ved Wismar, og tydde «store borga». Namnet vart i den følgjande tida brukt av den slaviske fyrsteslekta som herska i området.
Frå 1352 var det eit hertugdømme under namnet Mecklenburg-Schwerin innanfor Det tysk-romerske riket.
Utdanning I Mecklenburg ligg Universität Rostock (grunnlagt 1419), det eldste universitetet i Nord-Europa. Dessutan finst det i Rostock ein høgskule for musikk og teater.
Språk Mecklenburgs språk blir kalla Mecklenburger Platt, og er ein austnedertysk dialekt. Det blir likevel brukt hovudsakleg høgtysk.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mecklenburg» frå , den 18. desember 2010. oppgav desse kjeldene: Die Mecklenburg, der Orter der dei Land seinen Namen gab. Ulrike Sommar, Kai Homilius Verlag, Berlin 1996, ISBN 3-931121-14-3, (Leseprøve )
Kategori:Statar i Det tysk-romerske riket Kategori:Mecklenburg-Vorpommern Kategori:Regionar i Tyskland