Ole Henningsen Holtan () var ein norsk gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Botne i Vestfold.
Holtan var son til ein gardbrukar i Botne. Han vart sjølv gardbrukar i Botne og frå 1850 også lensmann og elles forlikskommissær. Holtan var stortingsmann for Jarlsberg og Larvik amt 1845-51 og 1859-60. På alle tingsamlingane 1845, 1848, 1851 og 1859-60 var han medlem av budsjettkomiteen, i 1859-60 også av Lagtinget.
Holtan døydde på garden Grønmark i Botne i 1861.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Holmestrand