Dunstable Downs er ein del av Chiltern Hills, sør i Bedfordshire i England. Dei er ein kalksteinsrygg som dannar dei nordaustlege områda av Chilterns. Med ei høgd på 243 moh. er Dunstable Downs det høgaste punktet i Bedfordshire.
På grunn av høgda stod det ein stasjon for telegraflinja mellom London og hamna i Great Yarmouth på Dunstable Downs frå 1808 til 1814.
Åsane vert nytta av gildefly, hangglidarar og paraglidarar på grunn av høgda i høvet til landskapet kring.
Det meste av åsane er styrt av National Trust som ein del av Dunstable Downs, Countryside Centre & Whipsnade Estate.
mini|744px|center|Dunstable Downs
Åsane har eit variert dyreliv og mange sjeldne villblomar, som flugeblome, og forskjellige sommarfuglartar. Vestsida av åsane har status som Site of Special Scientific Interest (SSSI) kalla Dunstable and Whipsnade Downs.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dunstable Downs» frå , den 25. desember 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Dunstable Downs, Countryside Centre & Whipsnade Estate at the National Trust London Gliding Club Panoramabilete av London Gliding Club and Dunstable Downs
Kategori:Dunstable Kategori:Åsar i Bedfordshire Kategori:Turistmål i Bedfordshire Kategori:National Trust-eigedommar