Evangelos Odysseas Papathanassiou (), mest kjend som VangelisVangelis er eit gresk kortnamn for Evangelos; han uttalte namnet sitt som ., var ein gresk komponist innan elektronisk, progressiv rock, ambient, jazz, poprock og orkestermusikk. Han er mest kjend for filmmusikken til Chariots of Fire, som han vann Oscarprisen for, og filmane Antarctica, Blade Runner, 1492: Conquest of Paradise og Alexander. Musikken hans vart òg nytta i PBS-dokumentaren Cosmos: A Personal Voyage av Carl Sagan.
Vangelis spelte i fleire populære band i 1960-åra som The Forminx og Aphrodite's Child, som gav ut albumet 666 som vert rekna som ein psykedelisk klassikar. Gjennom 1970-åra komponerte Vangelis musikk for fleire dyredokumentarar, som L'Apocalypse des animaux, La Fête sauvage og Opéra sauvage, og suksessen med denne musikken førte at han vart ettertrakta i filmindustrien. Tidleg i 1980-åra danna Vangelis ein musikalsk partnarskap med Jon Anderson, den tidlegare songaren i det progressive rockebandet Yes, og duoen gav ut fleire album i lag som Jon & Vangelis.
I 1981 komponerte han musikken til den Oscarvinnande filmen Chariots of Fire, som han med musikken sjølv vann Oscarprisen for. Singelen frå lydsporet, Titles, nådde òg toppen av den amerikanske Billboard Hot 100, og vart nytta som bakgrunnsmusikk under medaljeseremoniane under sommar-OL 2012 i London.
Med ein karriere som dekka over 50 år og med musikk og deltaking på meir enn 50 album, er Vangelis rekna som ein av dei viktigaste eksponentane for elektronisk musikk.Tranglos review Henta 6. oktober 2008
Biografi
Dei første åra Vangelis vart fødd 29. mars 1943 i Agria, nær Volos i Hellas. Han var i stor grad ein sjølvlærd musikar, og byrja visstnok å skrive musikk alt då han var fire år gammal. Han nekta å ta tradisjonelle pianotimar, og gjennom karrieren sin har han aldri hatt nok kunnskap til å skrive eller lese notar.Musician Guide biog Henta 3. september 2014 Han studerte måling, noko han framleis praktiserer, ved Kunstakademiet i Aten.Clipper Ships website Henta 3. september 2014 Då han var seks år gammal fekk foreldra hans han inn på ein musikkskule i Aten. I eit intervju med Life vart Vangelis spurt om mangelen på kunnskap til å lese notar:
Arbeid i band Tidleg i 1960-åra var han med på å starte popbandet The Forminx (eller The Formynx), som vart populære i Hellas. Dei heldt til i Aten og bestod av fem mann som spelte ei blanding av coverversjonar og sine eigne songar, som stort sett var skrivne av Vangelis, med tekst av DJ- og plateprodusent Nico Mastorakis på engelsk. The Forminx gav ut ni singlar og ein jule-EP, før dei vart oppløyst i 1966, medan dei var på sitt mest suksessfulle. Ein film som vart laga om dei på denne tida, opphavleg regissert av Theo Angelopoulos, vart aldri gjort ferdig, og songane, som var laga for filmen, vart aldri gjeven ut. Vangelis brukte dei to neste åra i studio, og skreiv og produserte musikk for andre greske artistar.Blue Point Henta 3. september 2014
På tida rundt studentopprøra i 1968 danna Vangelis det progrockbandet Aphrodite's Child i lag med Demis Roussos, Loukas Sideras og Anargyros «Silver» Koulouris. Etter eit mislukka forsøk på å reise til Storbritannia, fann dei ein heim i Paris, der dei spelte inn den første singelen sin, «Rain and Tears», som vart ein stor hit i Europa. Andre singlar følgde, mellom anna to album, som i alt har seld over 20 millionar plater. Platesala gjorde at plateselskapet bad om eit tredje album, og Vangelis starta å skrive musikken til det doble 666, basert på Johannes' openberring, den siste boka i Bibelen. Irene Papas deltok på albumet (vokal på «Infinity»). Krangling mellom medlemmane under innspelinga av 666 førte til at bandet vart oppløyst i 1971, men albumet kom likevel ut i 1972. Trass i dette har Vangelis sidan produsert fleire album og singlar for Demis Roussos, som på si side song på lydsporet for Blade Runner.Prog Archives om AC Henta 3. september 2014Elsewhere Oor Henta 3. september 2014
Tidlege soloverk Medan han framleis var i Aphrodite's Child, hadde Vangelis vore involvert i soloprosjekt. I 1970 skreiv han musikk for ein film regissert av Henry Chapier kalla Sex Power, der Demis Roussos song vokal. I 1971 førte ein «jam-session» med ei gruppe musikarar i Marquee Studios i London i musikk nok til to album, som uoffisielt vart gjeven ut utan at Vangelis gav løyve til det i 1978, som Hypothesis eller Visions of the Future, og The Dragon. Vangelis gjekk til søksmål for å få albuma trekt attende. Eit meir suksessrikt prosjekt var musikken han skreiv for dyrefilmane av den franske regissøren Frédéric Rossif. Den førte var L'Apocalypse des animaux, som kom i 1973. I 1972 gav studentopprøra i 1968 inspirasjon til eit album kalla Fais que ton rêve soit plus long que la nuit (La draumen din vare lengre enn natta), som bestod av små musikkstykke med klipp frå nyhendesendingar og protestsongar. Somme av tekstane var baserte på graffiti skrivne på veggane under opprøra.Platemelding Henta 3. september 2014
Solokarriere I 1973 byrja solokarrieren til Vangelis for alvor. Det første «offisielle» soloalbumet var Earth, men vart framført av ei gruppe musikarar som mellom anna bestod av den tidlegare Aphrodite's Child-gitaristen Silver Koulouris og vokalisten og låtskrivaren Robert Fitoussi (betre kjend som F.R. David).Groove NL-meldingar Henta 3. september 2014 Denne besetninga spelte ei kort stund under namnet Humanity, som gav ut singelen «Bird of Love», skriven av Richard Broadbacker, som var eit pseudonym Vangelis nytta, med B-sida «The Pawn», skriven av Fitoussi, og med Vangelis på trommer.Humanity på Vangelis Movements Den same besetninga spelte òg under namnet Odyssey, gav ut ein singel i 1974 kalla «Who», men det var siste gongen Vangelis spelte med dei. Seinare i 1974 trudde ein at Vangelis var på veg inn i eit anna progrock-band, Yes, då Rick Wakeman slutta i bandet. Etter nokre veker med øvingar vart Vangelis usikker på om hans skulle bli med i Yes eller ikkje, og bandet valde å hente inn sveitsaren Patrick Moraz i staden, som seinare vart med i The Moody Blues. Vangelis vart i denne perioden vener med vokalisten i Yes, Jon Anderson, og arbeidde seinare med han ved fleire høve, mellom anna som duoen Jon & Vangelis.Alt.music FAQ Yes Henta 3. september 2014
Etter å ha flytta til London fekk Vangelis platekontrakt med RCA Records, sette opp sitt eige studio, Nemo Studios,Nemo Studios Henta 3. september 2014 og byrja å spele inn ei rekkje elektroniske album, som Heaven and Hell (1975), Albedo 0.39 (1976), Spiral (1977), Beaubourg (1978) og China (1979). Delar av Heaven and Hell vart seinare nytta som kjenningsmelodi i PBS-serien Cosmos av Carl Sagan. To melodiar frå Albedo 0.39, «Alpha» og «Pulstar», og eit spor frå L'Apocalypse des animaux, «Création du Monde», vart òg nytta i Cosmos. Ein annan del (songen «So Long Ago, So Clear»), med gjestevokal av Jon Anderson, markerte starten på samarbeidet deira. Beaubourg var eit særs eksperimentelt album, nesten heilt utan melodi og stort sett bygd opp av elektroniske lydar og støy. Kort tid i same året, 1978, etter gav Vangelis ut ein disco-singel, «Red Square», med B-sida «When the Cat's Away», gjeven ut under pseudonymet Mama O.
Vangelis medverka òg som produsent og klaverspelar på albumet Phos, av det greske rockebandet Socrates Drank the Conium (seinare berre kalla Socrates og fleire andre, hovudsakleg italienske artistar.Sound on Sound-artikkekl Henta 3. september 2014MD Socrates platemelding Henta 3. september 2014
I 1979 skreiv Vangelis musikk til ein ny dyredokumentar av Frédéric Rossif, Opéra sauvage. Musikken frå dette albumet gjorde han kjend i filmverda. Musikken frå dokumentaren vart sidan nytta i andre filmar, mellom anna sporet «L'Enfant» i The Year of Living Dangerously (1982) av Peter Weir. Den same melodien kan òg høyrast spelt av eit marsjband i byrjinga av opningsseremonien i filmen Chariots of Fire. Musikken vart òg nytta i reklamar (som sporet «Hymne» i reklame for pasta frå Barilla i Italia og vin frå Ernest & Julio Gallo i USA).[ All Music om Opera.] Henta 3. september 2014
Filmmusikk
Chariots of Fire
I 1981 skreiv Vangelis musikk for filmen Chariots of Fire, som handla om sommar-OL 1924. Musikkvalet var uortodoks sidan dei fleste periodefilmar nyttar tradisjonell orkestermusikk, medan musikken til Vangelis var moderne og full av synthesizer. Filmen vann Oscarprisen for beste film og Vangelis vann prisen for beste lydspor. Opningstemaet frå filmen vart gjeven ut på singel i 1982 og nådde toppen av den amerikanske Billboard-lista i ei veke, etter å ha klatra jamt og trutt i fem månader.[ AMG-melding av Chariots of Fire] Henta 3. september 2014
Den greske musikaren Stavros Logarides hevda at Vangelis hadde kopiert melodien til «Titles» frå ein av komposisjonane hans kalla «City of Violets». Logarides var medlem av bandet Poll i 1970-åra og ein ven av Vangelis på den tida. Logarides saksøkte Vangelis for plagiat i 1987. Under rettssaka sette Vangelis opp synthesiserane sine i rettssalen og spelte for dommarane for å syne komposisjonsprosessen sin. Dommaren avgjorde at likskapane i melodien var minimale og at «Titles» var eit original Vangelis-stykke.Elsewhere Albums 2 Henta 3. september 2014
Andre Vangelis-lydspor var Antarctica for filmen Nankyoku Monogatari i 1983, og The Bounty i 1984. Vangelis samarbeidde òg i 1981 og 1986 med den italienske songaren Milva, og fekk suksess, særleg i Tyskland, med albuma Ich hab' keine Angst og Geheimnisse. Det italiensk-språklege Nana Mouskouri-albumet inneheld ein song av Vangelis, «Ti Amerò». I lag med tekstforfattaren Mikalis Bourboulis skreiv Vangelis songar sungen av Maria Farantouri, som «Odi A», «San Elektra» og «Tora Xero».Intuitive Music – Vangelis biog. Henta 3. september 2014
Hovudtemaet for Chariots of Fire vart vald av Steve Jobs i Apple då den første Macintosh-maskinen vart viste fram i januar 1984.
Blade Runner
I 1982 samarbeidde Vangelis med regissøren Ridley Scott for å skrive musikk til science fiction-filmen Blade Runner.Vangelis' Blade Runner film score Henta 3. september 2014 Musikken til Vangelis fanga isolasjonen og melankolien i rollefiguren til Harrison Ford, Rick Deckard, og er ein minst like viktig del av det dystopiske miljøet som dei forfalne bygningane og det stadige regnet.Synthtopia BR-melding Henta 3. september 2014
Ei usemje førte til at Vangelis heldt attende utgjevinga av musikken frå Blade Runner, og studioet leigde inn ei gruppe musikarar kalla «The New American Orchestra» for å spele inn det offisielle albumet då filmen kom ut. Det tok 12 år før usemja vart løyst og albumet med musikken framført av Vangelis kom ut i 1994. Albumet var likevel ufullstendig, sidan filmen inneheld musikk som ikkje var skriven av Vangelis. I løpet av åra har mange piratkopiplater av Blade Runner kome ut, med det meste av musikken frå filmen.Answers.com review Henta 3. september 2014 Ein offisiell plateboks på tre plater kom ut seint i 2007 til minne om 25-årsjubileet for filmen. Denne inneheld det originale albumet frå 1994, ei plate med meir musikk frå filmen, og ei tredjeplate med ny Vangelis-musikk inspirert av Blade Runner. 2007-utgåva manglar likevel noko av lydsporet, mellom anna bakgrunnsmusikken frå Taffey Lewis bar-scenen med vokal av Demis Roussos.Play.com BR Tri. Product page Henta 3. september 2014
1492: Conquest of Paradise
I 1992 kom Paramount Pictures-filmen 1492: Conquest of Paradise, òg regissert av Ridley Scott, i samband med 500-årsjubileet for reisa til Christopher Columbus til Den nye verda. Musikken til Vangelis vart nominert til beste musikk ved Golden Globe, men vart ikkje nominert til Oscarprisen.1492: Conquest of Paradise soundtrack review at Filmtracks.com Henta 3. september 2014
Andre verk