Symfoni nr. 10 i G-dur, K. 74, vart skriven av Wolfgang Amadeus Mozart, truleg under den første reisa hans til Italia våren 1770.Neue Mozart-Ausgabe vol. IV/11/2, Kassel: Bärenreiter 1985, s. 67 ff. (online)

Symfonien er skriven for to oboar, to horn og strykarar. Stykket varer om lag 9 minuttar. Symfonien har form som ein italiensk overture og består av satsane:

(Allegro – Andante) 4/4 – 3/8 Allegro, 2/4

På det signerte partituret, som ikkje inneheld nokre merknader av Mozart, står det skrive «Ouverture zur Oper Mitridate» (Ouverture for opera Mitridate) skriven av Johann Anton André, som så er stryke over, bortsett frå ordet «Ouverture».Gerhard Allroggen (ed.), Kritischer Bericht zur Neuen Mozart-Ausgabe Serie IV, Werkgruppe 11 Band 2, Kassel: Bärenreiter 1985, s. b/13 ff. (online) André trudde tydelegevis at stykket var meint som ein overture til Mitridate, re di Ponto (som har ein annan overture enn denne symfonien).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 10 (Mozart)» frå , den 26. desember 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

10 Kategori:Musikk i 1770