Symfoni nr. 13 i F-dur, K. 112, av Wolfgang Amadeus Mozart, vart skriven i Milano hausten 1771. Symfonien er i fire satsar, og den andre er instrumentert berre for strykarar.Zaslaw, s. 190–91 Verket har originalitet og humor, og nyttar særs få instrument.Dearling, s. 75–76 Den tredje satsen, menuetten, kan ha vorte skriven tidlegare og innlemma i symfonien. Det signerte manuskriptet syner at menuetten vart kopiert av Leopold Mozart. Nicholas Kenyon skildrar Symfoni nr. 13 som den siste i «tradisjonell form»—etter dette «er vi i byrjinga av ei anna verd»Kenyon, s. 156

Satsar og instrumentering

Instrumenteringa var strykarar, 2 oboar, 2 horn, fagott, continuo

Allegro, 3/4 Andante, 2/4 Menuett og Trio, 3/4 Molto Allegro, 3/8

Framføring Den første framføringa var truleg på ein konsert med Leopold og Wolfgang Mozart i bustaden til Albert Michael von Mayr, den 22. eller 23. november 1771. På denne konserten kan ein òg kanskje for første gong ha høyrt Mozarts 12. symfoni.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 13 (Mozart)» frå , den 27. desember 2010. oppgav desse kjeldene: Dearling, Robert: The Music of Wolfgang Amadeus Mozart: The Symphonies Associated University Presses Ltd, London 1982 ISBN 0-8386-2335-2 Kenyon, Nicholas: The Pegasus Pocket Guide to Mozart Pegasus Books, New York 2006 ISBN 1-933648-23-6 Zaslaw, Neal:Mozart's Symphonies: Context, Performance Practice, Reception OUP, Oxford 1991 ISBN 0-19-816286-3

Bakgrunnsstoff

13 Kategori:Musikk i 1771