Symfoni nr. 39 i Ess-dur av Wolfgang Amadeus Mozart, K. 543, vart skriven ferdig den 26. juni 1788.Deutsch 1965, 320

Komposisjon og premiere

Den 39. symfonien er den første av dei tre siste symfoniane som Mozart komponerte i rask rekkefølgje sommaren 1788. Nr. 40 vart ferdig den 25. juli og nr. 41 den 10. august. På same tid skreiv Mozart pianotrioane sine i E- og C-dur, hans sonate facile, og ein fiolin-sonatina. Mozart-biografen Alfred Einstein har indikert at Mozart tok Michael Haydn sin Symfoni nr. 26, i same toneart, og nytta som utgangspunkt.Einstein 1945, 127

Ein er ikkje sikker på når verket hadde premiere, eller om det vart framført i det heile medan Mozart levde.

Instrumentering og satsar

Symfonien er skriven for fløyte, to klarinettar, fagottar, horn og trompetar, pauke og strykarar, og består av fire satsar:

Adagio, 2/2 – Allegro, 3/4 Andante con moto, 2/4 Menuett: Trio, 3/4 Allegro, 2/4

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 39 (Mozart)» frå , den 28. desember 2010. oppgav desse kjeldene: Deutsch, Otto Erich (1965) Mozart: A Documentary Biography. Stanford: Stanford University Press. Einstein, Alfred (1945) Mozart: His Character, His Work, translated into English by Arthur Mendel & Nathan Broder. Oxford: Oxford University Press.

Bakgrunnsstoff

39 Kategori:Musikk i 1788