Tim Wiese () er ein tysk tidlegare fotballspelar som spelte for Werder Bremen i tysk Bundesliga i tida 2005-12, og som fekk 6 landskampar for Tyskland.
Klubbspel Wiese fekk sin debut i bundesligaen hausten 2002 med FC Kaisterslautern. Sommaren 2005 vart han overført til Werder Bremen. I mai 2009 vakta han målburet då Werder Bremen tapte finalen i UEFA-cupen med 1-2 etter ekstraomgangar. Ti dagar seinare var han med å vinne DFB-pokalen mot Bayer Leverkusen. 2012/13-sesongen avslutta han med eit titals kampar for Hoffenheim.
Landslagsspel Wiese debuterte for Tyskland 19. november 2008 som innbytar i ein privatlandskamp mot England. Han var med i Tyskland si tropp til fotball-VM i 2010, utan å få spela nokon kamp. Fram til 29. februar 2012 deltok han i 6 privatlandskampar, utan å vere med på å vinne ein einaste.
Merittar Vinnar av DFB-pokalen: 2009 for Werder Bremen Finalist i UEFA-cupen: 2009 for Werder Bremen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tim Wiese» frå , den 1. august 2026.
eu-football
Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Kaiserslautern-spelarar Kategori:Werder Bremen-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012