Martin Hole () var ein norsk langrennsløpar frå Geilo. Han vart noregsmeister to gongar, på 15 km i 1985 og 30 km i 1986. Dessutan vann han ein sølvmedalje og fire bronsemedaljar i NM-renn. Beste meisterskapsplasseringa i store internasjonale meisterskap kom under verdsmeisterskapen i Oberstdorf i 1987 då han vart nr 11 på 50 km. Fremste internasjonale prestasjonen var likevel tredjeplassen i verdscuprennet i Falun i 1986. Hole var medlem av Geilo Idrettslag.
Martin Hole døydde av kreft 20. februar 2024, 64 år gammal.
Karriere Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1983: Nr 9 på 30 km, Sarajevo 1985: Nr 8 på 15 km, Holmenkollen, nr 14 på 15 km under VM, Seefeld 1986: Nr 3 på 30 km, Falun 1987: Nr 6 på 50 km, Holmenkollen, nr 11 på 50 km under VM, Oberstdorf 1987/8: Nr 10 på 15 km, La Clusaz
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1980: Nr 9 på femmila på Vingrom Ski-NM 1982: Nr 12 på 30 km på Raufoss Ski-NM 1983: Sølvmedalje på 50 km på Lillehammer Ski-NM 1984: Nr 6 på 50 km på Hof Ski-NM 1985: Gullmedalje på 15 km, bronsemedalje på 50 km i Tromsø Ski-NM 1986: Gullmedalje på 30 km, bronsemedalje på 50 km på Vang Ski-NM 1987: Bronsemedalje på 50 km på Steinkjer Ski-NM 1988: Bronsemedalje på 50 km på Vang Ski-NM 1989: Nr 9 på 15 km på Geilo
Kjelder
Sportsboken, aktuelle årgangar.
Bakgrunnsstoff Martin Hole i olympedia.org Martin Hole i fis-ski.com
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Folk frå Hol