Dodoma (gogo for 'han har sokke') er ein by og hovudstad i Tanzania.

Hovudstad

Dodoma tok over frå Dar-es-Salaam som hovudstad for Tanzania i 1974, og ein starta prosessen med å flytta dei offisielle kontora frå Dar-es-Salaam til Dodoma. Etter planen skulle dette arbeidet vera fullført i 2005, men i 2007 stod framleis mange offisielle bygg att i Dar-es-Salaam. Dodoma er også delstadshovudstad.

Demografi

Dodoma er ein innlandsby, og ligg omtrent midt i landet. Dei innfødde folkegruppene i Dodoma-området er gogo-, rangi- og sandawefolk, men innbyggjarane i det moderne Dodoma kjem frå mange ulike folkegrupper. Ifylgje den katolske kyrkja er 19,2 % katolikkar.

Infrastruktur

Ein stor motorveg og ein jernbane går mellom Dodoma og Dar-es-Salaam ved kysten av Indiahavet. Det går også vegar vestover og nordover frå Dodoma. Det finst også flyplass ved Dodoma, og styresmaktene planlegg å byggja ein ny flyplass ved byen.

Dodoma er eit handelssenter for landbruksprodukt, t.d. jordnøtter, mais, ris, bønner, kaffi, te, og kveite. Det finst også noko lettindustri her.

I nærleiken av byen ligg vasskjelda Hombolo-dammen, som bystyret har ansvar for. Det finst to universitet i Dodoma: St. Johns University of Tanzania som den anglikanske kyrkja eig, og University of Dodoma. Begge vart opna i 2007.

Bilete frå Dodoma

Kjelder Dodoma i Store Norske Leksikon

Denne artikkelen bygger på «Dodoma» frå , den 2. januar 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hovudstader i Afrika Kategori:Byar i Tanzania