Svinerotslekta (Stachys) er ei planteslekt i leppeblomfamilien. Slekta omfattar rundt 300 artar. Dei veks naturleg i Europa, Afrika, Asia, Australia og Nord-Amerika. Kinaskokk (S. affinis) blir dyrka som rotfrukt.

Plantar i svinerotslekta er eit- eller fleirårige urter, halvbuskar eller buskar. Blada er enkle og heilranda eller tanna. Blomane er 1–2 cm lange og sit anten i toppen av stilken eller i axilen, mellom oversida av bladstilk og stengel. Dei har beger med fem eller ti nervar. Dei kan vera kvite, rosa, lilla, raude eller lysegule på farge. Krona kan ha om lag like lang overlepe som underlepe.

Artar i Noreg

Ny artar av slekta er kjende frå Noreg. Fleire av dei veks berre på avfallsplassar eller er forvilla frå hagar og er berre kjende frå einskildfunn.

Etablerte artar: Skogsvinerot (S. sylvatica), livskraftig (LC) Åkersvinerot (S. palustris), livskraftig (LC) Lammeøyre (S. byzantina), framandart, låg risiko (LO) i Framandartslista 2018

Artar kjende frå einskildfunn eller svært få funn: Orientsvinerot (S. annua), framandart, ikkje risikovurdert Småsvinerot (S. arvensis), framandart, ingen kjend risiko (NK) Salviesvinerot (S. cretica ssp. salviifolia) framandart, ikkje risikovurdert Kranssvinerot (S. germanica), framandart, ingen kjend risiko (NK) Myntesvinerot (S. menthifolia) framandart, ikkje risikovurdert Lækjesvinerot (S. recta) framandart, ikkje risikovurdert

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stachys» frå , og «Syskesläktet» frå den 13. september 2019.

Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Leppeblomfamilien