__NOTOC__ Sarothrura er ei biologisk slekt av ni artar små rikseliknande fuglar med fellesnamnet dunrikse på norsk. Fellesnamnet er avleidd frå utsjånaden på den korte halen, han har degraderte, lette, dunaktige fjører. Slekta er avgrensa til sju artar fordelt på Afrika sør for Sahara, og to artar funne på Madagaskar.

Skildring Dunrikser er mykje skye og sjeldan observerte. To artar, skogdunrikse og prikkdunrikse, har habitat i tett skog, er dei attverande artane som finst på grassletter og myrar. Ein art, pildunrikse, er kjent for å vere trekkfugl, det er usikkert om dette kan gjelde andre artar òg. Alle artar unntatt prikkdunrikse syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakta, men ikkje i storleik. For mange dunrikseartar har ein ikkje observert hekkeåtferda, men somme artar hekkar i regntida. Alle artane er svært vokale i hekkesesongen, med repertoar som inkluderer duettar. Åtferda ved kurtise hos gassardunriksa består av duettvokalisering, reirbygging av hannen, vitjing av hofuglar og paring. Reira er overbygde, og hos gassardunrikse er det plassert høgt over bakken i klatreplantar, kvitvengdunrikse legg reiret i siv over vassmetta jord. Egga av artar som er studert er kvite, noko som er uvanleg for rikser. Ungane er dekt av svart dun ved klekking og har litt farge på nebbet, hos dei fleste artane får dei raskt utvikla moden fjørdrakt. Begge foreldra gjev omsut for ungane.

To artar er i dag rekna som truga av IUCN, det er kvitvengdunrikseBirdLife International (2014) Species factsheet: Sarothrura ayresi. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. desember 2014. og brundunrikse.BirdLife International (2014) Species factsheet: Sarothrura watersi. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. desember 2014. Begge taper habitat som følgje av drenering av våtmarker for jorddyrking.

Taksonomi og artar Med referanse til Hackett et al, 2008 har IOC World Bird List på nettstaden WorldBirdNames.org rangert slekta som einaste slekt i sin eigen familie Sarothruridae. Clementslista gjer dunrikser til ein sjølvstendig familie frå versjon 6.8.

Dunrikser i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.

Prikkdunrikse, Sarothrura pulchra, White-spotted Flufftail, LC, Gray, 1829 Skogdunrikse, Sarothrura elegans, Buff-spotted Flufftail, LC, Smith, 1839 Rustdunrikse, Sarothrura rufa, Red-chested Flufftail, LC, Vieillot, 1819 Sørgjedunrikse, Sarothrura lugens, Chestnut-headed Flufftail, LC, Böhm, 1884 Pildunrikse, Sarothrura boehmi, Streaky-breasted Flufftail, LC, Reichenow, 1900 Stripedunrikse, Sarothrura affinis, Striped Flufftail, LC, Smith, 1828 Gassardunrikse, Sarothrura insularis, Madagascar Flufftail, LC, Sharpe, 1870 Kvitvengdunrikse, Sarothrura ayresi, White-winged Flufftail, CR, Gurney, 1877 Brundunrikse, Sarothrura watersi, Slender-billed Flufftail, EN, Bartlett, 1879

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Sarothrura» frå , den 8. januar 2011

Referansar

Bakgrunnsstoff Keith, Stuart; Benson, Constantine Walter; Irwin, Michael P. Stuart. (1970) "The genus Sarothrura (Aves, Rallidae)." Bulletin of the American Museum of Natural History 143 article 1 René de Roland, Lily-Arison (2004)"Observations on nest building and courtship behaviour of the Madagascar Flufftail Sarothrura insularis" Bulletin of the African Bird Club 11(1): 42-43.

kategori:Dunriksefamilien Kategori:Fugleslekter