Greatest Hits er eit samlealbum av den australske songaren Kylie Minogue som kom ut i 1992. Det inneheld nitten singlar frå dei fire albuma Kylie, Enjoy Yourself, Rhythm of Love og Let's Get to It, og dessutan tre nye songar som vart innspelte spesielt for dette albumet. Songane på albumet vart i stor grad skrivne av Stock Aitken Waterman-teamet, og denne utgjevinga markerte slutten på Minogue sitt profesjonelle samarbeid med dei. Albumet vart gjenutgjeve 18. november 2002 med heilt ny grafisk utforming og ein bonus-CD med remiksar.
Listeplasseringar og sal Greatest Hits nådde fyrsteplass på UK Albums Chart, og vart det tredje fyrsteplass-albumet hennar i Storbritannia. Salet nådde målet for platinaplate med 300 000 eksemplar. Albumet var òg vellukka i Australia og nådde tredjeplassen på hitlista. Albumet vart seinare sertifisert platina i landet med sal over 70 000 eksemplar.
Singlar Den første singelen frå albumet var «What Kind of Fool (Heard All That Before)». Songen kom ut i august 1992 i Storbritannia og nådde fjortandeplassen på UK Singles Chart. Den andre singelen var «Celebration», ein coverversjon frå songen av Kool & the Gang. Songen kom ut i november 1992 og nådde 20. plassen på UK Singles Chart. Den var òg den siste singelen av Minogue for PWL.
Sporliste
Topplisteplasseringar Toppliste (1992)ListeplasseringAustralia (ARIA Charts)3Japan (Oricon)23Tyskland (Media Control Charst)81New Zealand (Recorded Music NZ)49Spania (PROMUSICAE)19Storbritannia (UK Albums Chart)1
Sertifiseringar LandSertifiseringSalAustralia (ARIA)Platina70 000Storbritannia (BPI)Platina300 000
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Greatest Hits (Kylie Minogue album)» frå . oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Den offisielle hjemmeside for Kylie Minogue
Kategori:Kylie Minogue-album Kategori:Samlealbum frå 1992 Kategori:Samlealbum frå 2002 Kategori:Doble samlealbum Kategori:musikkvideoar og DVD-ar av Kylie Minogue