Hallvor Arneson Ellestad Berg () var ein norsk lærar og stortingsmann frå Gol i Buskerud. Han var medlem av Venstre.
Berg var son av ein gardbrukar og handelsmann på Gol. Han gjekk på seminaret på Hamar, eksamen 1875. Deretter var han lærar ved Totens høiere almenskole i eitt år, og 1½ år ved folkeskulen i Kragerø. Frå 1878 var han lærar og kyrkjesongar i Gol, stillingar han hadde til han døydde. Han tok aktivt del i skogsaka, elevane dreiv med skogplanting kvar vår.
Han var medlem av heradsstyret og var heradskasserar i Gol. Elles var han aktiv for fråhaldsaka.
Berg representerte 1892-94 og 1898-1900 Buskeruds amt på Stortinget. I den fyrste perioden var han medlem av vegkomiteen, i den siste av jarnbanekomiteen og valkomiteen.
Han døydde på klokkargarden i Gol våren 1905.
Kjelde Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Folk frå Gol