Pye Records er eit britisk plateselskap. Pye sine mest kjende artistar var Lonnie Donegan (1956–1969), Petula Clark (1957–1971) og The Kinks (1964–1971). Selskapet bytte namn i 1980, men tok namnet tilbake i 2006.

The Pye Company selde opphavleg TV- og radioapparat. Selskapet kjøpte opp Nixa Records i 1953 og hamna slik i platebransjen. I 1955 kjøpte selskapet opp Polygon Records, eit selskap som hadde far til Petula Clark i kontroll over distribusjonen av platene hennar. Dermed oppstod Pye Nixa Records. I 1959 vart namnet endra til Pye Records, og ATV åtte 50% av selskapet. ATV kjøpte opp dei attverande aksjane i 1966. To underavdelinger oppstod, Pye Golden Guinea Records og Piccadilly Records. I 1970 lanserte Pye folk, jazz, blues og progressive artistar på Dawn Records, og den mest kjende artisten der var Mungo Jerry.

Då namnerettane opphøyrde i 1980, endra selskapet namn til PRT Records. Katalogen hamna då i eige hos Castle Communications.

I 1958 vart Pye International Records starta. Selskapet distribuerte mange amerikanske etikettar, inkludert Chess Records, A&M Records, Kama Suttera Records, Colpix Records, Buddah Records, og King Records i Storbritannia.

I 1960 lanserte Pye lågbudsjettsetiketten Marble Arch som relanserte ei rekkje tidlegare Pye-utgjevingar.

I juli 2006 vart Pye reaktivert av Sanctuary for å utgje «indie» pop og «alternative» artistar.

Kjende artistar på Pye Records Lonnie Donegan (1956–1969) Petula Clark (1957–1971) Joan Regan (1960–1961) Donovan (1965–1971) Sandie Shaw (1964–1972) The Kinks (1964–1971) The Searchers (1963–1967) The Honeycombs (1964–1965) The Ivy League (1965–1966) David Bowie (1965–1966) Status Quo (1968–1971) Mungo Jerry (1970–1974) Brotherhood of Man (1976–1978) The Real Thing (1976–1979) Kenny Ball and his Jazzmen Chris Barber's jazzband

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pye Records» frå , den 23. januar 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Britiske plateselskap Kategori:Skipingar i 1959 Kategori:Tidlegare plateselskap Kategori:Nedleggingar i 1980