Stage Fright er det tredje studioalbum av den kanadisk-amerikanske gruppa The Band, gjeve ut i 1970. Det inneheld to av dei mest kjende songane deira, «The Shape I'm In» og «Stage Fright», som vart spelt fast på konsertane deira.

Stage Fright var ei motseiande plate, som kombinerte oppløftande musikk og desillusjonerte tekstar, og utforska tema som fred, flukt og lettsindigheit som avslørte mørkare sider av melankoli, angst og utmatting.Hoskyns, Barney. Across the Great Divide: The Band and America, Milwaukee: Hal Leonard Corp., 2006, s.234-5. Henta 13. september 2020 Forfattaren Ross Johnson skildra det som «ei munter plate som utilsikta vart vedkjennande... ei lystig boltring gjennom ein ein ubehageleg periode i historia til gruppa.»Johnson, Ross. «It's All in the Name,» Miami New Times, 26. oktober 2000. Henta 13. september 2020. Som følgje av dette fekk det noko blanda kritikk samanlikna med dei kritikarroste føregangarane deira, hovudsakleg på grunn av korleis det skilde seg frå desse platene, og kanskje ikkje levde opp til forventningane.Marcus, Greil. Mystery Train, New York: E.P. Dutton, 1975. Henta 13. september 2020.Robert Christgau review site. Henta 13. september 2020.Williams, Richard. «The Band: A Melody Maker Band Breakdown», Melody Maker, 29. mai 1971. Henta 13. september 2020. Generelt var kritikarane samde i at musikken var solid. Dei hylla aspekt som den varierte teksturen Garth Hudson bidrog med, den skarpe gitaren til Robbie Robertson og funken til rytmeseksjonen Danko–Levon Helm, men dei var usamde i den plagsame tonen og den totale samanhengen på plata. I seinare år har kritikarar vore mildar i synet på plata og ofte rekna det på høgde med dei første toMinturn, Neil. The Last Waltz of The Band, New York: Pendragon, 2005, p. 143. Henta 13. september 2020 og synte at dei framleis var i toppform.Ruhlmann, William. Review in All Music Guide to Rock: The Definitive Guide to Rock, Pop, and Soul, Ed. by Vladimir Bogdanov, Chris Woodstra, Stephen Thomas Erlewine, San Francisco: Backbeat Books, 2002, p. 61. Henta 13. september 2020

Det var mykje meir eit rockealbum enn dei to første platene og hadde eit meir nedslått, moderne fokus med mindre vokalharmoni, som hadde vore eit midtpunkt på dei to første albuma. Tradisjonen dei hadde hatt med å byte instrument heldt derimot fram, der kvar musikar bidrog på minst to forskjellige instrument. Albumet inneheld dei to siste songane komponerte av pianisten Richard Manuel, begge skrivne i lag med Robertson, som kom til å bli den meir dominerande låtskrivaren i gruppa fram til dei gav seg i 1976.

Stage Fright nådde femteplassen på Billboard-lista i USA, høgare enn dei to første albuma. Det var eit av tre album av The Band som selde til gullplate i USA (for meir enn 500 000 eksemplar).Recording Industry Association of America (RIAA) website. Henta 13. september 2020

Produksjon Todd Rundgren var lydteknikar på Stage Fright og plata vart produsert av gruppa sjølv for første gongen. Plateomslaget syner ein delvis abstrakt solnedgang designa av Bob Cato, pakka inn i ein plakat av eit fotografi av Norman Seeff.Pemberton, Pat. «Norman Seeff Shares Stories Behind His Iconic Rock Photos,» Rolling Stone, 16. mai 2013. Henta 13. september 2020.

Robertson ønskte i utgangspunktet å gjere ei mindre seriøs «leiken» eller «ha-det-bra»-plate i motsetnad til The Band. Planen deira var å spele inn albumet live i heimen deira i Woodstock i New York, Woodstock Playhouse. Til slutt gav ikkje byrådet løyve til dette, i frykt for store folkemassar skulle samle seg der slik dei hadde gjort under Woodstockfestivalen og bandet brukte teateret som eit provisorisk studio i staden. Livlege, streite rockesongar som «Strawberry Wine», «Time to Kill» og «Just Another Whistle Stop», den meir funky «The W.S. Walcott Medicine Show», og den meir dominerande gitaren til Robertson indikerte alle ei plate som var i tråd med ei opphavlege planane til Robertson. Men Robertson fann at songane gradvis tok ein mørkare veg: «dette albumet Stage Fright byrja å drype gjennom golvet. Eg oppdaga at eg skreiv songar som eg ikkje kunne noko for å skrive.» «The Shape I'm In» og «Stage Fright» var gripen av oppløysing og panikk, medan «The Rumor» og «Daniel and the Sacred Harp» omhandla vondskapen i sladder og tapet av sjela si i leitinga etter heider og ære. Den drøymande «Sleeping» av Manuel gjekk på ei ukomfortabel linje mellom lykke og ein for verkeleg lengsel etter flukt. «All La Glory» av Robertson stod aleine som ein reint positiv song som ein fin voggesong, løfta av ein mild og kjenslefull vokal av Helm. Men sjølv der brukte Robertson bilete om einsemd og refererte til å kjenne seg «like høg som ein fengselsmur».https://www.rollingstone.com/music/music-album-reviews/stage-fright-115961/

I eit intervju i 2010 skildra Robertson atmosfæren under innspelinga som spent, der gruppa sleit med dei vanskelege lydtilhøva i teateret, at dei var uvande å arbeide med Rundgren, og «distraksjonar og mykje eksperimentering med dop.»Paul Myers music blog. Interview with Robbie Robertson excerpts. Henta 13. september 2020 I This Wheel's On Fire sa Helm noko liknande og skildra ei «mørk stemning som slo ned over oss» under desse innspelingane.Helm, Levon with Stephen Davis. This Wheel's On Fire: Levon Helm and the Story of the Band, Chicago: Chicago Review Press, 2000. Henta 13. september 2020. Helm meinte òg at plata kunne ha blitt betre om dei hadde brukt meir tid, og sa «for første gongen hadde ikkje med spelt det inn etter standarden vår. Dagane då me kunne leve med musikken var over.»

Det vart laga to forskjellige miksar, ein av Rundgren og ein av Glyn Johns, begge i Storbritannia. Somme rapportar har indikert at Johns-miksen vart vald ut for den originale LP-plata og alle seinare utgåver på Capitol (inkludert den ommastra utgåva i 2000), medan miksen til Rundgren til slutt kom ut på gull-CD-utgåva i 1994. Men det er mykje usemje kring dette. Rundgren sa i eit intervju i magasinet Relix at det vart laga ein tredje versjon av bandet i statane, som brukte spor frå dei originale miksane. Til sjuande og sist trudde han at ingen verkeleg visste kva miksar som vart vald ut for originalen.Steve Hoffman Music Forums Henta 13. september 2020 I memoarane sine Sound Man ser Johns ut til å stadfeste det Rundgren sa, og at ingen truleg veit sikkert kva miksar som vart nytta.Johns, Glyn. Sound Man, New York: Penguin Publishing Group, 2015, p.71-2. Henta 13. september 2020.

Mottaking

Då albumet kom ut fekk det generelt god kritikk. Men fleire peikte på skilnader frå dei to første albuma. Tema som angst og sårbarheit, færre karakterskisser av americana, mindre kjensle av sameining og at det mangla noko flyktig. Rolling Stone-kritikaren John Burks skreiv om «presisjonsgruppearbeidet», men kjende at tekstane ikkje høyrte heilt saman med musikken og vokalen. Han skreiv at albumet mangla «ære.» Kritikaren Robert Christgau meinte at dei «lyse og persistente» melodiane slo teksten. Han konkluderte «Minneverdige som dei fleste av desse songane er, hektar dei seg aldri på - og gjev aldri opp den musikalsk-verbale fraseringa som kan innkapsle krafta deira.» Ed Ochs i Billboard skildra det som «oppriktig og vedkjennande, genuint komisk og lett satirisk,» men merka seg eit «forhold mellom musikk og melding som merkbart manglar.»Ochs, Ed. Review in Billboard, 12. september 1970, p. 10. Henta 13. september 2020.

Seinare meldingar har stilt spørsmål ved om noko av kritikken i 1970-åra var farga av ei opplevd nedgang i utgjevinga deira etter Stage Fright. I magasinet Q roste skribenten John Bauldie den vokale samspelet på «The Rumor» og «Daniel and the Sacred Harp», balladane «All La Glory» og «Sleeping», og «The Shape I'm In» som eit høgdepunkt i karrieren deira. Han meinte at Stage Fright «like gjerne kunne ha vore det beste albumet deira.» Allmusic-kritkaren William Ruhlmann applauderte dei tette arrangementa og det instrumentale arbeidet på albumet, og skreiv om den «nakne vedkjennande» kvaliteten og skreiv «Det var sannleg forskjellig frå dei førre platene deira, men det var ikkje mindre overtydande av den grunn.»

Innhald

Side ein

Side to

Medverkande The Band Rick Danko – bassgitar, fele, kontrabass, vokal Levon Helm – trommer, gitar, perkusjon, vokal Garth Hudson – orgel, elektrisk piano, trekkspel, tenorsaksofon Richard Manuel – piano, orgel, trommer, clavinet, vokal Robbie Robertson – gitar, autoharpe

Andre medverkande Todd Rundgren – miksing og lydteknikar Glyn Johns – miksing John Simon – barytonsaksofon på «The W.S. Walcott Medicine Show»

Salslister Album – Billboard (USA) ÅrListePlassering1970Pop Albums5

Singlar – Billboard (USA) ÅrSingelListePlassering1970«Time To Kill»Pop Singles77

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stage Fright (album)» frå , den 15. september 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:The Band-album Kategori:Capitol Records-album Kategori:Album produserte av Garth Hudson Kategori:Album produserte av Levon Helm Kategori:Album produserte av Richard Manuel Kategori:Album produserte av Rick Danko Kategori:Album produserte av Robbie Robertson