Empty Sky er debutalbumet til Elton John. Albumet vart gjeve ut 3. juni 1969 og var produsert av Steve Brown. I USA vart det gjeve ut først i januar 1975 med eit anna plateomslag, lenge etter at John hadde vorte internasjonalt kjend. Plata vart spelt inn vinteren 1968 og våren 1969 i eit DJM 8-sporsstudio og Empty Sky er det einaste av dei tidlege albuma hans som ikkje er produsert av Gus Dudgeon.

Sjølv om det akkompagnementet på Empty Sky kan skildrast som mild psykedelisk rock, finn ein Elton sin teft for popmelodien ganske tydeleg alt her. Elton medverkar til den unike stilen på albumet med å spele cembalo på fleire spor, som «Skyline Pigeon», ein song han skildra som «den første songen Bernie og eg vart begeistra over når me skreiv han.»«Skyline Pigeon» frå Here And There, disk 1, spor 1. Gjeven ut 30. april 1976, MCA Records.

Elton John nytta musikarar som var vener av han sjølv eller produsenten Steve Brown. Caleb Quaye på gitar og Roger Pope på trommer, begge medlemmar av bandet Hookfoot på denne tida, spelte på mange av songane. Quaye og Pope vart seinare med John som ein del av studio- og turnebandet hans bak Rock of the Westies i 1975 og «Blue Moves» i 1976. Tony Murray frå The Troggs spelte bass. Nigel Olsson frå Plastic Penny og Spencer Davis Group spelte trommer på «Lady What's Tomorrow?». Olsson og Spencer Davis-bassisten Dee Murray vart med i turnebandet til John tidleg i 1970-åra.

Sporliste

Medverkande Elton John – piano, orgel, keyboard, cembalo Caleb Quaye – elektrisk gitar, akustisk gitar, congatrommer Tony Murray – bassgitar Roger Pope – trommer Don Fay – tenorsaksofon, fløyte Graham Vickery – munnspel Nigel Olsson – trommer på «Lady What's Tomorrow»

Produksjon Steve Brown - producer Frank Owen - lydteknikar Clive Franks - lydbandoperatør, plystring Gus Dudgeon - notat i omslaget John Tobler - notat i omslaget

Salslister Album - Billboard (Nord-Amerika) ÅrListePlassering1975Pop Albums6

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Empty Sky» frå , den 25. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Empty Sky på Allmusic

Kategori:Elton John-album Kategori:Debutalbum frå 1969 Kategori:MCA Records-album Kategori:DJM Records-album