Knut Olsen () var ein norsk journalist og NRK-programleiar frå Hosle i Bærum kommune. Han er mest kjend som NRK-programleiar i Redaksjon 21, Brød og Sirkus og Dagsrevyen.
Karriere
Olsen starta karrieren sin i avisa Nordlands Framtid og som frilansar i Klassekampen i 1980. Etter to år på medielinja til Høgskulen i Volda, debuterte han for NRK i 1983, fyrst som radioreporter for NRK Østfold, deretter i NRK Østlandssendingen og Oslo-redaksjonen i NRK P2.
I 1990 starta han på fjernsyn i debattprogrammet Antenne Ti. I 1992 vart han reporter i Dagsrevyen, der han heldt fram til han døydde. I tida i Dagsrevyen vann han m.a. Gullruten for ein reportasje om krigen i Bosnia. Han jobba også som sportsreporter med Claus Wiese under Vinter-OL 1994 på Lillehammer og Vinter-OL 1998 i Nagano.
Elles i NRK har Olsen vore programleiar for Redaksjon 21 og Brød og Sirkus. Dei siste åra av livet sitt var han programleiar for Dagsrevyen saman med Nina Owing. Hausten 2010 vart han sjukemeld, og døydde etter kort tids kreftsjukdom i januar 2011.
Familie
Knut Olsen var gift og hadde fem born. Broren hans, Øystein Olsen er noverande sjef for Norges Bank.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Knut Olsen» frå , den 15. mars 2012.
Referansar
kategori:Programleiarar for NRK kategori:NRK-journalistar kategori:Folk frå Bærum